Lærdalstunnelen er open etter bilberging

Lærdalstunnelen på E16 mellom Lærdal og Aurland var midlertidig stengt på grunn av bilberging.

DEL

Lærdalstunnelen er open for trafikk igjen, melder Vegvesenet klokka 9.15.

Tunnelen har vore stengt ein periode fredag morgon på grunn av varmgang i eit dekk frå eit vogntog.

– Det vart først meldt om røykutvikling frå folk som var inne i tunnelen. Politiet kom raskt til staden og fekk avkrefta dette, sa Albert Sherington, trafikkoperatør i Vegtrafikksentralen.

Han fortalde at det truleg var eit vogntog som hadde fått varmgang i eit dekk. Dette førte til litt røykutvikling eller varmgang som raskt minka.

– Det har nok vore noko problem med dekka og så har dei låst seg, sa han og la til at vogntoget stod rundt åtte kilometer inne i tunnelen frå Lærdal-sida.

Bilbergar vart bestilt, og var framme på staden litt før 09.00. Vegvesenet melder klokka. 9.15 at vogntoget har fått fiksa bremsene sine og køyrer ut av tunnelen for eigen maskin.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken