Lærdalstunnelen var stengd måndag morgon på grunn av bilberging. Den punkterte bilen er no fjerna og tunnelen er opna for trafikk.

– Vi har ein bil som står i ei havarilomme, men det er ikkje plass til bilen og redningsbilen, så vi måtte stenge heile tunnelen medan redninga held på, sa Jørgen Bødtker, i Vegtrafikksentralen Vest, klokka 07.00 måndags morgon.