Fodnestunnelen stengd på grunn av joggar

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Vegtrafikksentralen melder om at Fodnestunnelen på riksveg 5 er stengd. Grunnen skal vere at ein person jogga i tunnelen utan refleks og var vanskeleg å sjå.

– Vi har sendt ein bil inn for å sjå om joggaren framleis er der og hente han ut dersom han er det, seier John Andreas Omdal, trafikkoperatør i Statens vegvesen.

– Er det nødvendig å stenge heile tunnelen på grunn av det?

– Ja, det er ein seks kilometer lang tunnel og når vedkommande er der inne utan refleks av noko slag er det ikkje noko anna å gjere til vi får han henta ut.

Klokka 07.40 melde Vegtrafikksentralen at tunnelen var opna igjen.

Artikkeltags