Lærdalstunnelen vart stengt etter at brei-transport kolliderte med brannskap

LÆRDAL: Tunnelen er no opna for fri ferdsel.

DEL

Hendinga vart først meldt av Vegtrafikksentralen Vest klokka 20.21. Årsaka til stenginga var at eit brannskap var påkøyrt i tunnelen.

Opprydningsarbeid pågjekk då på staden.

Trafikkoperatør ved Vedmeldingssentralen i Lærdal, Ketil Molvær, fortel at det var ein brei transport som trefte brannskapet. Påkøyrsla skal ha skjedd om lag 2250 meter inne i tunnelen, frå Aurland-sida.

Molvær fortel at dei får opp alarmar når skapa blir trefte, og dei kjem ut av posisjon. Då blir tunnelen automatisk stengt.

– Transporten var heile 3 meter og 90 cm brei. Det begynner å bli bra breidt, seier Molvær, som tippar årsaka til påkøyrsla er ei feilberekning.

Skapet er øydelagt, og skal sjekkast av elektrikar.

– Det har også vore sett på av politiet, ettersom dei var med brei-transporten, seier Molvær.

Klokka 20.38 fekk Molvær melding om at tunnelen var opna att for fri ferdsel.

Artikkeltags