Denne fjellovergangen er framleis open, men det ligg bilar strødd langs vegkantane

I GRØFTA: Dette er ein av dei mange trailerane som står i grøfta på vegen over Filefjell.

I GRØFTA: Dette er ein av dei mange trailerane som står i grøfta på vegen over Filefjell. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

TRAFIKK: Framleis dårleg vêr på fjellovergangane.

DEL

Filefjell er einaste fjellovergangen mellom aust og vest som framleis er open for fri ferdsel.

Ein Firda-journalist som er på veg over fjellet seier det er mykje vind og snø over fjellet, og at det stadig er stogg på vegen.

– Det står trailerar i veggrøftene langs heile vegen. Nokre har køyrt ut. Andre legg på kjetting, men har likevel problem med å komme seg vidare, seier han.

– Det er mogleg å komme over Strynefjellet og Haukeli også. Begge desse fjellovergangane har kolonnekøyring, men på Strynefjellet har dei no varsla at det kan bli stengt på kort varsel, seier trafikkoperatør hos Statens vegvesen, Jan Erikstad i Lærdal.

Han seier at særleg på austsida av Filefjell er det mange som står fast, og der er det også ein del bilberging på gang, men at så langt han kjenner til er det passering for personbilar.

Hemsedal er også stengt.

– Det vart vurdert kolonnekøyring der for ei tid sidan, men vinden tok seg opp att, og vegen er inntil vidare heilt stengt på grunn av uvêr.

Vikafjellet er også stengt. Der blir det ikkje opna i dag.

Også Hol. Aurland og Tyin-Årdal er stengt på grunn av vêret.

Oppdaterte trafikkmeldingar finn du på Statens vegvesen sine sider.

Artikkeltags