Lærdalstunnelen stengt grunna berging av vogntog

Artikkelen er over 1 år gammel

LÆRDAL/AURLAND: Lærdalstunnelen på E16 vart midlertidig stengt tysdag ettermiddag. No er vegen opna att for trafikk.

DEL

Det melder Vegtrafikksentralen Vest klokka 17.59. Tunnelen var då stengt grunna berging av eit vogntog.

Klokka 18.12 medler vegtrafikksentralen i Lærdal at vegen no er opna att for fri ferdsle.

Kristian Fauskan ved vegtrafikksentralen i Bergen fortel at årsaka til tunnelstenginga var at vogntogsjåføren oppdaga røykutvikling ved vogntoget i Flenjatunnelen.

– Då stengde vi Lærdalstunnelen, seier Fauskan, som fortel at det heile fann stad utanfor sjølve tunnelen.

Etter kort tid fann sjåføren ut at røykutviklinga skuldast at ein boggi tok nedi og skapte mykje friksjon, og Fauskan fortel at når dette skjer – då blir det kolossalt varmt.

Vogntogsjåføren fekk ordna opp i dette sjølv utan behov for bilberging, og tunnelen vart då opna att for fri ferdsle.

Artikkeltags