80 av desse lærarane er frå Hafstad vidaregåande skule og Mo og Øyrane vidaregåande skule i Førde. Det melder Utdanningsforbundet sjølv torsdag, sjølv om talet seinare vert oppjustert til 86.
Dei har varsla motparten KS om at dei trappar opp streiken. Den har vart sidan 8. juni, og i tillegg til Utdanningsforbundet, har Skolenes landsforbund og Norsk Lektorlag også medlemmer i streik.
Dette er første gong undervegs i streiken at lærarar i Sunnfjord vert tekne ut.
Med desse 80 lærarane frå Sunnfjord vil om lag 8150 av medlemmane i Utdanningsforbundet vere i streik frå tysdag av. Barnehagar og elevar i førsteklasse er skjerma også i dette streikeuttaket.

Les også