Årdalsbakke tok gull

Marit Årdalsbakke (midten) tok NM-gull søndag.

Marit Årdalsbakke (midten) tok NM-gull søndag. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Kort om sport:

DEL

VEKTLØFTING: Marit Årdalsbakke tok Søndag gull under vektløftar-NM i Haugesund. Ho leia med 10 kilo på konkurrenten Janne Skorpen Knudsen frå Bjørgvin etter rykk (85-75). Og denne vekta var nok til at gullet vart sikra.

Tok sølv i 94-kilosklassen

Tambarskjelvar-løftar Tore Gjøringbø tok sølv under NM i Vektløfting i Haugesund søndag. Håvard Grostad frå Nidelv tok gullet med 293 kg, medan Gjøringbø sin poengsum var 283. Leik Simon Aas frå National tok bronse med 262 kg.

Siger og uavgjort

HANDBALL: Førde sine handball-damer spelte uavgjort med 19-19 mot Stord søndag, og med gårsdagens 37-18-siger mot Os kan dei reise heim med tre poeng etter bortekamp-helga. Neste søndag spelar dei heime mot Åsane.

Tok gull og EM-krav

VEKTLØFTING: Også laurdag kveld fekk Sogn og Fjordane eit vektløftar-gull på kvinnesida. Ine Andersson var sist ut av fylket sine fire deltakarar laurdag, og avslutta dagen med gull. To kok gullet suverent i det som er NM si største kvinneklasse (klasse 63 kg), med 14 deltakarar. Andersson klarte i tillegg EM-kravet på 250 poeng.

Sogndal vann vinterserien

FOTBALL: Sogndal vann finalen i vinterserien for juniorar i Hafstadparken i Førde laurdag ettermiddag. Motstandar Florø leia 2–0 ved pause, men mannskapet til Rune Bolseth kom sterkt utover i kampen og vann til slutt 2–3. Sogndal er dermed KM-vinnar, medan begge lag skal representere fylket i junior-NM seinare i vår.

Fekk raudt kort

FOTBALL: Tidlegare Loen-, Stryn- og Sogndal-spelar Mats Solheim fekk marsjordre av dommaren i cupkampen til Hammarby laurdag ettermiddag. Nordfjordingen fekk to gule kort, og måtte sjå den siste halvtimen frå tribunen. Laget hans, Hammarby, vann likevel 3-2 på bortebane over Nyköping i den svenske cupen.

Bronse i NM

LANGRENN: 18-åringen Erlend Henjesand frå Syril vart nummer tre på sprinten i fri teknikk under norgescupen i langrenn laurdag. Rennet hadde også status som NM sprint. I tillegg til Henjesand vart Andreas Hetle frå Breimsbygda nummer sju, medan førdeløparen Brage Burø Sunde vart nummer 33 i samme klasse.

I klassa for 19 og 20-åringar vart Jon Rolf Skamo Hope frå Hyen nummer 17.

Blant kvinnene vart Inga Kårstad Skaar frå Førde nummer 42 blant 18-åringane.

Lokale kampar

FOTBALL: Dale slo Jølster 4-1 i ein treningskamp laurdag. Måla til 4. divisjonsklubben kom ved Sander Rørvik Solheim, Vegard Eikevik Dyrstad og Anders Ulvik Fleten.

I ein annan treningskamp vann 4. divisjonslaget Tornado Måløy 3-1 over naboklubben Åram/Vankam. Her scora Thor Åge Pleym Evensen alle måla til TMFK.

30.-plass i Europacupen

ALPINT: Alpinisten Åge Solheim frå Haugen IL køyrde seg til ein 30.-plass i storslalåmrennet i Oberjoch i Tyskland laurdag. Han låg på ein 29.-plass etter 1. omgang.

På pallen igjen

SKISKYTING: Førdianaren Håvard Gutubø Bogetveit stod for den beste prestasjonen av lokale skiskyttarar då han laurdag gjekk inn til tredjeplass i norgescupen i Steinkjer. Førde-løparen var feilfri på standplass på sprinten, men måtte sjå at Fredrik Gjesbakk frå Bossmo og Yttteren hadde større fart i sporet. Sigrid Flo Bødal frå Stårheim vart nummer fire i kvinneklassa for 18-åringane i konkurransen.

Håvard Gutubø Bogetveit tok ein tredjeplass under norgescupen i Steinkjær laurdag

Håvard Gutubø Bogetveit tok ein tredjeplass under norgescupen i Steinkjær laurdag Foto:

Hjelmeset igjen

LANGRENN: Under Ungdommens Holmenkollrenn laurdag gjekk 14 år gamle Maren Hjelmeset Kirkeeide frå Markane inn til beste lokale plassering. Under klassiskrennet vart Hjelmeset Kirkeeide nummer ni, berre 12 sekund bak vinnaren.

I dei andre klassane var følgjande dei beste lokale løparane: Jenter 13 år: Nr. 34: Mali Monica Engesæter, Førde. Gutar 13 år: Nr. 47: Erik Alnes Litsheim, Førde. Gutar 14 år: Nr. 57: Magnus Skeide Bakke, Eid.

Får hoppe i VM

SKIHOPP: Nordfjordingen Anders Fannemel er ein av seks norske hopparar som skal delta i VM i Lahti. Første hopprenn går fredag 24. februar, då med kvalifisering i normalbakken.

7.-plass i junior-cupen

SKISKYTING: Vegard Hegge frå Hardbagg IL, gjekk inn til 7.-plass i 18-årskassen under junior-cup i skiskyting, melder NRK Sogn og Fjordane.

I samme klasse fekk Markane-løpar Aksel Meland 11.-plass, medan Isak Hopland vart nummer 13 i 19-årsklassen.

3.plass i Norgescupen

Pallplass: Jon Rolf Skamo Hope gjekk inn til ein tredjeplass under fredagens 10-kilometer på Voss.

Pallplass: Jon Rolf Skamo Hope gjekk inn til ein tredjeplass under fredagens 10-kilometer på Voss. Foto:

LANGRENN: Jon Rolf Skamo Hope frå Hyen IL fekk ein 3.plass i 19-20-årsklassen under 10-kilometeren i norgescupen i langrenn på Voss. Løpet gjekk fredag, og det vil bli gått konkurransar for dei lokale løparane frå fylket også laurdag og søndag.

Gull til Robert Andre Moldestad

Robert Andre Moldestad (midten) tok gull i 62-kilosklassen i NM på laurdag.

Robert Andre Moldestad (midten) tok gull i 62-kilosklassen i NM på laurdag. Foto:

VEKTLØFTING: Under senior-NM i vektløfting i Haugesund på laurdag, gjekk Robert Andre Moldestad frå Breimsbygda heilt til topps i klassen «menn 62 kg».

Både han og Marcus Bratli frå Bjørgvin enda på 190 kg samanlagt. Men Moldestad fekk gullmedaljen grunna at han tok vekta først, som  er nye reglar frå i år.

Med resultatet er også breimsbygdingen aktuell til U17-EM, der kravet er 300 poeng, og kvalifiseringsfristen er 20. august.

NM-bronse til Trædal

Tambarskjelvar-løftar Sandra Trædal tok bronse i 53-kilosklassa under NM i vektløfting i Haugesund laurdag.

Trædal løfta 65 i rykk, 83 i støt, og 148 kg samanlagt, noko som gav 225 poeng og bronse, melder Sogn og Fjordane vektløftarkrins på sine Facebooksider.

Sølv til Jantsen Øverås

Også i pulje 3 vart det medalje, då Jansten Øverås løfta til sølv i klasse 77 kg.

Tambar-løftaren tok 111 i rykk og 134 i støt. Tilsaman løfta han 245 kilo og vart ståande med 315 poeng.

Saka blir oppdatert løpande med sportsresultat frå helga.

Har du sportsresultat du ønsker å dele med Firda-lesarane, har du foto eller video, send gjerne ein e-post til redaksjon@firda.no

Artikkeltags