No er Jon Rolf verdsmeister - igjen!

STAFETTVINNAR: Jon Rolf Skamo Hope (nummer to frå venstre) og det norske herrelaget vann stafetten i junior-VM laurdag.

STAFETTVINNAR: Jon Rolf Skamo Hope (nummer to frå venstre) og det norske herrelaget vann stafetten i junior-VM laurdag. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

LANGRENN: Jon Rolf Skamo Hope tetta ei luke, innhenta teten og veksla først på si etappe. I mål var Norge suverene.

DEL

Det norske stafettlaget for herrar, med Jon Rolf Skamo Hope på laget, tok laurdag gull i junior-VM i Obergoms i Sveits.

Med det gjentok laget og Skamo Hope førre års prestasjon, då han var på laget som tok gull i USA.

Gjekk klassisk-etappen

Med eit individuelt gull på 10 km klassisk, var det neppe ei overrasking at Hyaren fekk oppdraget med å gå andre etappe på klassisk-delen av stafetten.

Hyen-løparen, som har hatt ein eventyrleg start på årets junior-VM, med sølv på duatlon i tillegg til gullmedaljen, vart veksla i gang som nummer to, 11,2 sekund bak svenske Eric Rosjö.

Derifrå jobba Skamo Hope seg jamnt framover, og tetta etter kvart luka opp til Sverige, saman med delar av feltet.

Ved passering 8,8 ved kilometer av den 5 kilometer lange etappen hadde hyaren jobba seg fram i tet, 2,3 sekund framfor USA, med Frankrike og Italia like bak.

Ny duell med Ardashev

Under 10 kilometer klassisk kniva Skamo Hope lenge med russiske Sergey Ardashev om gullet, og dei to duellerte tett gjennom nær heile løpet.

På stafetten sette Ardashev inn eit forrykande press i siste langbakken før veksling, men då Skamo Hope oppdaga at han kom på oppsida og forbi, sette han sjølv inn eit forrykande taktskifte.

Med tydeleg Klæbo-inspirert teknikk, nærmast sprang han frå russaren og skaffa seg ei luke. Denne heldt Skamo Hope til veksling, og sende Håvard Moseby ut på første skøyteetappe, 0,4 sekund før Russland.

Suveren vinnar

Det stod mellom Frankrike, Norge, Russland og USA til slutt. Og det var lenge svært tett i tetfeltet.

Eit kanonrykk frå Norges ankermann, Jørgen Lippert, skaffa han ei kjempeluke, og gjorde at han nærmast kunne paradegli over mållinja.

Med det kunne Skamo Hope juble for sin tredje medalje i meisterskapen.

Artikkeltags