Gå til sidens hovedinnhold

Lange køar på Lavik – Oppedal

Vegtrafikksentralen melder om ventetid på om lag 30 minuttar.

Klokka 13.34 melder Vegtrafikksentralen vest at det er lange køar på ferjestrekninga Lavik – Oppedal.

Det vert meldt om ventetid på 30 minuttar, og Norled oppgir stor trafikk som årsaka.

Etter ein time etter det vart meldt om kø, har ikkje Vegtrafikksentralen motteke meldingar om at køene er løyst opp.

SISTE: Klokka 17.14 melder Vegtrafikksentralen at trafikken no har minka, og at det ikkje er ventetid på sambandet lenger.

Kommentarer til denne saken