Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Gloppen kommune skal i 2020 vedta ein klimaplan for første gong.
Den norske regjeringa melder i desse dagar inn tiltak i hytt og vêr til FN sitt klimapanel tiltak som gjerne både er særs omfattande og kostbare for næringslivet.
Under ein gjennomgang frå fylkesmannen si miljøvernavdeling fekk politikarane og tilsette i Gloppen kommune presentert kommunen sin berekna tilstand for miljø og klimautslepp slik dei er i dag. Vi fekk presentert forventningar til reduksjon av ureining og drift av dei ulike aktivitetane som er spreidd ut over geografisk i kommunen vår.
Under presentasjonen fekk vi lagt fram at landbruket i Gloppen kommune er den såkalla verstingen i utslepp og ureining med 50,2 prosent av samla utslepp for Gloppen. Presentasjonen av «krav» om ein reduksjon på 50 prosent innan 2030.
Gloppen er ein stor og viktig landbrukskommune. Jordbruket er ei viktig næring for arbeidsplassar innan næringa, busetjing, næringsutvikling, tilleggsnæringar, foredling av jordbruksprodukt og skatteinntekter for ein samla kommuneøkonomi.
Jordbruket i Gloppen er i god utvikling og gjerne i førarsetet for landbruk for Vestland.
For oss som no skal legge nokre tankar og planar om tiltak og planar for å gjere Gloppen til ein noko betre kommune innan miljøtiltak kan det vere bra å få nokre innspel om rikets tilstand og eventuelle tiltak med forbetringar for eit samla miljø og klimautslepp i Gloppen.
Noko som forundrar ein kommunepolitikar og småbrukar er kriteria for å rekne ut miljøtilstanden til landbruket. Landbruket vert ofte pressa opp i eit hjørne av storsamfunnet og sterke miljøkrefter som gjerne vil «knuge» ei gruppe, som er alt for lett å angripe utan at det vert slege tilbake av mektige nasjonale miljø.
Landbruket disponerer, pleier og steller det meste av alt areal som også er ut om dyrka areal og fjøsaktivitet. Kven er det eigentleg som bestemmer og samtidig tillèt seg å påstå at all beite, skog og anna utmark, ikkje skal tilgodesjåast som ein positiv miljøfaktor for Co₂ og kunne balansere samla utslepp frå norsk landbruk?
Kva meiner du kan og bør gjerast for å bidra til at landbruket i Gloppen ikkje vert ståande med 50,2 prosent av miljøutsleppa fram mot 2030?
Kva meiner du som innbyggar i Gloppen skal til for å få ein stødig og forbetra kurs innan klima og miljø for ein samla kommune inn mot 2030.
Kom med konstruktive synspunkt som bør både jobbast inn i ein lokal klimaplan og som dei politiske partia bør sparke vidare opp over i systemet til dei som skal styre landet etter valet i 2022.