Norsk mjølkeproduksjon må kuttast med 100 millionar liter

Av
DEL

På grunn av avvikling av eksportsubsidiar må norsk mjølkeproduksjon kuttast med 100 millionar liter, opplyser Landbruksdepartementet.

Det er ein nedgang på 7 prosent.

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad og leiar i Norsk Bondelag Lars Petter Bartnes skal halde ein pressekonferanse klokka 14 onsdag der dei skal forklare korleis dette skal gjerast.

Norsk Bonde- og småbrukarlag trekte seg tysdag frå fohandlingane om kutt i mjølkeproduksjonen.

Artikkeltags