Flippen stakk hovudet inn kjøkkenglaset

Metta Kvam får Flippen inn gjennom vindauget.

Metta Kvam får Flippen inn gjennom vindauget. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel
DEL

Det er mange hjortar som trakkar rundt i tunet på garden i Aurland. Det er ikkje alltid dei same, men somme har komme fast i mange år.

Fllippen og Einhorningen er to av dei.

– Dei er veldig kosete. Når eg lèt opp glaset om morgonen, er dei komne allereie. Somme tider et han skiva frå handa mi og eg får klappe han på nasen. Då lèt han att auga og kosar seg skikkeleg, seier matmor Metta Kvam.

Flippen

Det er Flippen ho snakkar om. – Han er no litt spesiell, meiner ho. No som snøen ligg tungt, og det har rasa litt frå taket, når han heilt opp gjennom vindauget.

– Akkurat det har eg ikkje bilde av, men har kom heilt inn gjennom glaset, då vart eg litt overraska.

Det heile starta litt tilfeldig. Hjortane gjekk og trakka i tunet, og Metta og Leif begynte å prate med dei.

– Så heiv eg kanskje ut nokre restar. Grønsaker og slikt. Det var slik det begynte, seier ho.

No har dei hatt besøk, både morgon og kveld, i fleire år. Og ho kjenner dei lett att.

Einhorningen

– Flippen er han med rivna i eine øyret. Einhorningen har vore her i mange år. Han gjekk med berre eitt horn, då det eine var avkutta, men no har han to. Men han heiter no Einhorningen framleis, seier ho og ler.

– Ikkje blir dei skotne heller, seier ho. Dei er jo avlsdyr.

For det er helst eldre bukkar som kjem bort til huset. Det er nokre yngre der også. Men kjem ikkje så nær.

– Dei torer ikkje, då blir dei jaga av dei andre.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken