Oppdaga brot i over 800 dyrehald

Artikkelen er over 2 år gammel

SAMFUNN: I nær 40 prosent av dyrehalda som Mattilsynet har undersøkt, har inspektørane oppdaga brot i regelverket.

DEL

Dette melder Mattilsynet Sør og Vest i ei pressemelding fredag.

Alvorleg vanskjøtsel i 17 dyrehald

Frå 1. januar og fram til 31. august hadde inspektørane til Mattilsynet tilsyn med over 2090 dyrehald i regionen. I 818 av desse blei det oppdaga større eller mindre regelbrot, noko som utgjer 39 prosent.

– Brot på regelverket betyr ikkje alltid at dyra lir her og no. Vi kan likevel gi dyreeigar beskjed om å få på plass forbetringar for å hindre framtidig liding for dyra, seier regiondirektør Ole Fjetland i pressemeldinga.

I 17 av dyrehalda Mattilsynet var innom, registrerte inspektørane alvorleg vanskjøtsel. Av desse var 15 produksjonsdyr og fem kjæledyr.

14 dyrehaldarar har måtte avvikle dyrehaldet sitt. Tre av desse hadde kjæledyr, medan resten hadde produksjonsdyrehald. Vidare blei det i 29 dyrehald skrive ut løpande tvangsmulkt. 

Stor auke i tal bekymringsmeldingar

Regiondirektør Ole Fjetland seier dei prioriterer tilsyn der dei trur sjansen er størst for at dyra ikkje har det bra. Han presiserer at resultata frå tilsynet derfor ikkje er representative for bransjen eller dyrehaldet i Norge, men for dei mest risikoutsette dyrehalda.

Frå 1. januar og fram til 31. august fekk Mattilsynet 2078 bekymringsmeldingarpå dyrevelferd. Det er ein auke på ca. 21 prosent samanlikna med same periode i fjor.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken