Mykje sopp gjev radioaktive sauer

Av
Artikkelen er over 11 år gammel

Det er meir enn tjue år sidan atomreaktor nummer 4 eksploderte i atomkraftverket i Tsjernobyl i Ukraina. Men framleis får beitedyr i Sogn og Fjordane i seg radioaktivt materiale etter ulukka, og må nedfôrast.

DEL

Tsjernobyl tyder malurt. Namnet høver godt, for tjue år etter ekplosjonen i atomkraftverket i Tsjernobyl er fleire beiteområde framleis prega av det radioaktive nedfallet. Under ulukka i 1986 vart særleg fjellområda i Midt- og Sør-Norge hardt råka.

Radioaktivt cesium vert overført til beitedyr gjennom beitevekstane. Sauene et sopp, som effektivt tek opp radioaktivt cesium frå jorda. Og i år med mykje sopp, slik det har vore hausten 2006, fører det til at fleire flokkar må nedfôrast.

I 2006 har 14 buskapar i Naustdal, Luster og Lærdal vorte nedfôra. Dette er ein auke frå 2005 som var rekordlåg med berre to buskapar på nedfôring, skriv Landbruksavdelinga hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane på nettsidene.

Nedfôringa går ut på at flokkane vert fôra med stoff som bind cesiumet, slik at nivået på radioaktiviteten vert minska.


I Wikipedia kan du lese meir om:
- Tsjernobyl
- Cesium

Artikkeltags