- La torsken få gyte i fred

Av
Artikkelen er over 12 år gammel

– Vi må freda torsken langs heile kysten i gyteperioden om vi skal redda han, seier fiskar Atle Knut Steinhovden. Han har kjent Eikefjorden i 50 år, og har aldri før sett den så tom for fisk som no.

DEL

– For å redde torskebestanden i fjorden må ein stengje heile kysten for fiske i januar, februar og mars, seier fiskar Atle Knut Steinhovden frå Eikefjord. Han har aldri sett fjorden så tom for fisk.

– Det er i denne tida fisken kjem inn for å gyte, og då må den få fred. Elles vil vi aldri få torsken tilbake i fjordane, seier Steinhovden.

– Dersom ein ikkje sperrar av fjordane for fiske i desse månadene, forsvinn gytefisken. Då vil torsken bli borte for godt. Han har sjølv fiska i området i 50 år, og jobba i fire år med fiskeoppsyn. Aldri før har han sett fjorden så tom for fisk som no.

Forsvunne gradvis

– Før kunne vi dra opp torskar på 20 kg og det var store stimar med fisk. Det begynte å minke på 70-talet, men dei siste fem åra har det knapt vore torsk. No er den totalt utrydda.

Grunnen er ifølgje Steinhovden eit intenst overfiske av gytefisk med garn.

– No må fiskarane begynne å bruke vett. Det er framtida til fisken som vert fiska opp, seier Steinhovden.

– Det eksisterer ein manglande vilje til å tenkje langsiktig. Når fisken er stor nok, kan vi fiske han opp. Før den tid bør den få vere i fred, understrekar Steinhovden.

Betring av mattilhøve

Eit anna problem er at maten til torsken er forsvunne.

– Torsken har knapt mat i fjordane. Den lever vanlegvis av tobis, ein type sild, og også den er utrydda i fjorden.

Steinhovden påpeikar at det også er naudsynt med ei totalfreding av tobisen i Nordsjøen.

– Tobisen vert brukt til fôring av oppdrettslaks. Ein må no finne andre typar fôring, for utan tobisen vil torsken måtte ete eigen yngel, noko som vil redusere bestanden ytterlegare.

Artikkeltags