Havørn observert ved Gloppeelva

Foto:

Artikkelen er over 11 år gammel

Måndag 23.januar vart det observert to havørner på sandbanken ved utløpet av Gloppeelva.

DEL

Ifølgje Svein Hjelmeset, som har teke bileta av dei staselege fuglane, stod ørnene ganske lenge ved utløpet av elva.

Hjelmeset fortel at havørn og oter samarbeider, og på ein måte deler litt på maten og et opp etter kvarandre. Dette samarbeidet er kanskje ekstra godt i Gloppen no, fordi den lokale bosplassen - som var ei god matkjelde for havørna - er nedlagd. Fotografen reknar med at ørnene han såg, venta på restar frå eit måltid oteren har hatt lenger oppe i elva. Oteren har vore til plage i lakselva.

-Det som er litt artig, er å sjå att ei merkt havørn. Det er tydeleg at den eine av dei to fuglane er vaksen, med gult nebb og heilt kvit stjert.

Den andre meiner Hjelmeset er ein ungfugl på om lag to år, svart på den kvite stjerten og brunt nebb.

-Ungfuglen har ein blå ring på eine foten, så kanskje er det ein av dei to ungane som vart merkt her i Gloppen i 2005, seier Hjelmeset.

Artikkeltags