Finn fram stonga<br/> - laksefisket er i gang

Artikkelen er over 11 år gammel

Regnbygene i helga er til ulempe for soltilbedarane, men bør vere midt i blinken for laksefiskarane. Denne helga er det opna for fiske etter laks og sjøaure i heile 12 av elvane i Sogn og Fjordane.

DEL

I følgjande elver er det no ope for fiske etter laks og sjøaure (1. juni):

Daleelva (Høyanger)
Vikja (Vik)
Lærdalselva (Lærdal)
Årøyelva (Sogndal)
Nedstrøms brua (Sogndal)
Flekkeleva (Fjaler)
Gaular (Gaular)
Nausta (Naustdal)
Osenelva (Flora)


I tillegg er det fiske i desse vassdraga:

Åelva/Ommedalselva (Gloppen)
Nedanfor Evebøfossen (Gloppen)
Ovanfor Evebøfossen (Gloppen)
Eidselva (Hornindalsvassdraget, Eid)

Dermed er det berre å betale fiskaravgifta til Staten, og å kjøpe lokalt fiskekort. I midten av juni og i juli vert lista av opne elvar lengre.

firda.no vil svært gjerne vise bilete av fangsten din! Send bilete, og informasjon om fisken, kvar, når og korleis den vart teken, og ditt namn og telefonnummer til arild.nybo@firda.no. Skriv gjerne litt utfyllande om korleis fangsten gjekk føre seg.


Les meir om fangst, bestand og forskrifter i det nystarta Lakseregisteret.

Artikkeltags