Gå til sidens hovedinnhold

Laksen/Utstillingsplassen – siste sjanse

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

I 2017 skreiv eg eit lesarinnlegg i Firda med tittelen « Skrivargarden – siste sjanse». Den gongen måtte det kulturhistoriske bygningsmiljøet på Tåene vike for ein barnehage det kanskje ikkje var behov for. No gjentar historia seg. Nok eit kulturminne ser ut til å bli fjerna. Laksen og deler av Utstillingsplassen må vike for ei bilbru det ikkje er behov for. Kommunedirektør Østenstad var klar om Laksen i formannskapet 26. november « – den kan ikkje flyttast. Blir den øydelagt blir den øydelagt». I formannskapet var fleirtalet for alternativ 7, og då må Laksen fjernast. Så enkelt og brutalt er det.

I snart seksti år har Utstillingsplassen vore ein samlingsplass for Førde-folk, først som fotballstadion, men her har vore sau- og hestesjå i tillegg til arena for sirkus og tivoli. Det har vore planar om å ruste opp Utstillingsplassen utan at mykje har skjedd. Utstillingsplassen og Festplassen går over i kvarandre. Etter at bruene over til Sparebanken Sogn og Fjordane og Hafstad vgs. var på plass, er området mykje brukt. Det er etablert klatrepark, og det blir spelt boccia på området. Ein «paraply» for å utandørs kulturarrangement er på plass, og planen er å reise eit fredsmonument i det som har fått namnet «nynorsken skog».

Dersom gjennomgangsvegen frå Øyrane til Hafstadparken blir bygt, må vi rekne med betydeleg auka trafikk i Angedalsvegen frå lyskrysset ved Drosjesentralen til Laksen, og eit parkeringshus kan bli bygt på Utstillingsplassen. Om lag 100 parkeringsplassar vil bli fjerna på sørsida, og desse må erstattast ein stad.

I over 20 år har elevane frå Hafstad vgs. kryssa Angedalsvegen for å ha kroppsøving og delta på kulturelle arrangement i Førdehuset, som t.d. Den kulturelle skulesekken, kino og teaterframsyningar. Dette har ikkje vore ei god løysing for elevane. Blir Hafstad vgs. erstatta av ein ungdomsskule, blir det ein yngre elevgruppe som må krysse Angedalsvegen, og det er ein veg som vil ha ein betydeleg større trafikk enn i dag. Situasjonen blir også vanskelegare for elevar i barneskulen som bur på sørsida av E39. Dei må krysse to vegar med stor biltrafikk.

Ein sterkt trafikkert veg, og kanskje eit parkeringshus like ved, vil redusere kvaliteten på Festplassen/Utstillingsplassen. Området har potensial til å bli eit endå meir attraktivt, men då må ein ikkje sette i gang tiltak som reduserer kvalitet og storleik på området.

Kanskje kommunestyret bør bestemme seg for ein «time out», utsette saka og vurdere dei innspela som er komne frå FramtidsFørde? 1700 personar over 16 år har signert oppmodinga om nokre endringar i Førdepakken, ein pakke som inneheld mykje positivt, og som Førde-folk ser har vore viktig for utviklinga i kommunen.

Les også

Politikarane seier ja takk, begge deler. – Det går ikkje, seier Ruben

Les også

Hans Jakob hevdar politikarane bøyer seg for fotballen: – Veldig trist

Les også

– Bilfolket har erobra sentrum, sa Jørn (75) då han skapte Laksen. No har bilane overkøyrt kunstverket

Kommentarer til denne saken