Gå til sidens hovedinnhold

Laksen som landskapskunst og del av flaumsikring

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Laksen er i dag ein integrert del av flaumsikringa av festplassområdet.

På denne elvestrekkja av Jølstra er sikringstiltaka gjennomført som ei låg forbygning av større steinblokker lagt noko inn frå elveløpet. Ved nedgrunning og forming av toppdekke med finmassar er tiltaket vurdert som fullgod sikring, men både struktur og vegetasjon framstår som eit naturleg elvekantareal.

Laksen som landskapskunst i øvre del av den sikra elvestrekkja, kan og blir oppfatta som eineståande inn mot sentrumsdelen av Jølstra. Den gjev den ei helheit for elvestrekkja som overgår det som var forventa både under planlegging og utføring.

Symbolikk: LAKSEN er plassert der villakssmolten og sjøauren møter overgangen mellom ferskvatnet i Jølstra, der den blir utklekt og lever i 2-3 år, og brakkvatnet til eit liv i sjøen. Etter 1 eller fleire år vandrar den inn til Jølstra att og møter ferskvatnet på ny ved LAKSEN.

Elvestrekkja med kantarealet langs Festplassen framstår som ein sjeldan oase mellom dei meir tunge flaumsterke forbygningane mot Jølstra i sentrum av Førde. I dette landskapsrommet er Laksen i dag ein integrert del av ei flaumsikring som vart utforma og utført i eit samarbeid mellom NVE og Førde kommune.

Punktering eller flytting av Laksen blir eit mykje negativt inngrep og nedgradering av eit etablert heilskapleg landskapsrom. Det vil ikkje bli mogleg å reetablere noko tilsvarande i Førde Sentrum.

Les også

Ivar (73) var med og bygde Laksen. No vil han rive han

Les også

– Vi kan ikkje ofre folkehelsa

Les også

No får Laksen støtte frå uventa hald

Les også

Kunstverket Laksen må sparast

Les også

– Bilfolket har erobra sentrum, sa Jørn (75) då han skapte Laksen. No har bilane overkøyrt kunstverket

Les også

La Laksen på Festplassen i Førde vere i fred

Kommentarer til denne saken