SERIE: LAKSEARVINGANE

Foreldra tronar på formuetoppen i fylket, bedriftene har millionoverskot og sel laks som aldri før. I 2015 produserte oppdrettarane i Sogn og Fjordane laks og regnbogeaure verd 3,9 milliardar kroner. No står ein ny generasjon klar til å overta familiebedriftene.

Firda har besøkt laksearvingar med store ambisjonar, frå fem lokale bedrifter. Denne veka får du i ein artikkelserie bli kjend med dei, éin etter éin.

1) Kristoffer S. og Harald Johan Z. Karstensen. E. Karstensen Fiskeoppdrett.

2) Erlend og Marte Vassbotten. Steinvik Fiskefarm.

Kjem:

3) Frank Osland. Flokenes Fiskefarm.

4) Lina Braanaas Utne. Firda Seafood.

5) Gro Tveit Sveen. Svanøy Røykeri.

– Mykje av fritida går til fisk. Det er nærast ein livsstil, seier Erlend Vassbotten. Han sit i lag med søstera, Marte Vassbotten, på kontoret hans i Bergen. I dag jobbar han som biologisk kontrollør i lakse- og ørretprodusenten Lerøy Sjøtroll, medan Marte er marknadskoordinator i IntraFish – ein verdsleiande leverandør av nyheiter og informasjon om sjømat. Bror deira, Gaute, jobbar i eksportselskapet Seaborn. Dei tre er born av Alex Vassbotten, dagleg leiar i Steinvik Fiskefarm.

Les også: – Utdanning er løysinga

Endring i planane

I oppveksten jobba søskena mykje på oppdrettsanlegga i helgene og om somrane. Sidan då har ei framtid i næringa lege i korta, men Erlend og Marte fortel at det ikkje alltid var planen.

– Då eg var ferdig på vidaregåande, hadde eg lyst på ei miljøforandring, seier Erlend. Han drog til Oslo for å studere økonomi og administrasjon på BI.

– I løpet av den tida bestemte eg meg for å studere havbruksdrift og leiing i Bodø. Gjennom studiet fekk eg betre overblikk over næringa, og skjønte kor spennande det var. Etter det fekk eg ei trainee-stilling her i Lerøy Sjøtroll.

Marte studerte internasjonal marknadsføring og leiing på BI i Bergen og Oslo, og drog så til Canada, der den dåverande kjærasten budde.

– Då eg var i Canada, søkte eg på alle jobbar eg kunne få. Det var heilt tilfeldig at eg søkte på ein jobb i fôrprodusenten Skretting. Og slik enda eg opp i sjømatnæringa att.

Då Marte kom tilbake til Norge, vart ho kontakta av IntraFish, der ho jobbar i dag.

Uklar veg vidare

Marte og Erlend fortel at dei ofte blir spurde om kven som skal ta over Steinvik Fiskefarm.

– Då vi feira 30-årsjubileum, var det fleire som sa at det var godt å sjå at neste generasjon var sikra. Dei seier indirekte at dei forventar at vi skal heim. Men det er ikkje gitt at nokon av oss skal det – og både bestefar og faren vår er framleis unge.

Erlend fortel at det er éin ting som i alle fall må på plass før han eventuelt flytter heim att.

– Først må eg ha dame. Så vert steg to å overtale henne til å flytte med meg.

– Det er vanskeleg å seie kvar vegen går vidare. For ti år sidan hadde eg ikkje trudd at eg ville ende opp her eg er i dag, seier Marte.

(Artikkelen held fram under bildet.)

– I framtida håpar eg på å få jobbe kreativt med å utvikle innovative produkt i sjømatnæringa, og vere med på å fornye den. Små selskap har gjerne ikkje fokus på marknadsføring og produktutvikling, men eg har Steinvik i bakhovudet dersom eg får ei naturleg moglegheit til å hjelpe til med utvikling, seier ho.

Ho peikar på Marø, som driv sitt eige røykeri.

– Det viktige er at bedrifta blir verande i familien, og at den vert drive skikkeleg og ansvarleg av den rette personen, er dei einige om.

KART: Trykkpå sirklane i kartet for å få vite meir om kvar enkelt konsesjon. I menyen til høgre kan du velje å sjå nærare på selskapa som inngår i artikkelserien. (Kart: CARTO/Frode Grimelid og Ingunn Gjærde)

Ei ung næring

Erlend skipa i 2014 YoungFish, ein interesseorganisasjon for unge under 35 i sjømatnæringa, saman med ein kollega. Dei har i dag 1100 medlemmer, og arrangerte i fjor ein konferanse der 200 personar møtte opp – mellom anna Erna Solberg.

– Vi held faglege arrangement gjennom heile året, med eit mål om å skape eit nettverk med meir openheit og informasjon om bransjen, seier Erlend.

– Næringa vert ofte måla som den store, stygge ulven, men det er viktig å hugse på at det framleis er ei ung næring. Ein har løyst mange utfordringar, og kjem til å løyse mange fleire. Konstruktiv kritikk er viktig for at vi skal skjerpe oss, og eg er overbevist om at ein kjem til å bryte barrierar i åra som kjem. Men hadde det ikkje vore utfordringar, ville det ikkje vore like spennande heller.

YoungFish har oppretta lokalkontor i Vest-, Midt-, Aust- og Nord-Norge. I vest er Marte med i styret.

– Det er vanskeleg å kontrollere naturen. Det gjeld å spele på lag med den, og jobbe for å minimere fotavtrykket. Så må ein vere open om utfordringane ein møter, og snakke og opplyse om dei, seier Marte.