Ved Aller Aqua i Vadheim har det skjedd ei uønskt hending laurdag 29. oktober, opplyser selskapet i ei pressemelding.
– Laks har rømt frå anlegget vårt, skriv dei vidare.
Rolv Tveit, driftsansvarleg på anlegget i Vadheim, fortel til Firda at alle instansar som skal kontaktast har fått beskjed om hendinga.
Kor mange laks som har rømt kan ikkje Tveit seie noko om.
– Det er ein del, men vi har også fisk igjen i tanken. Talet veit ikkje vi før vi har fått telt opp, seier han.
Det er i alle fall mykje fisk å få i fjorden, fortel fiskarar på staden. Ein privatperson Firda har snakka med, men som ikkje øsnker å stå fram, fortel at han siste døgnet har fått 45 laks.
Ein yrkesfiskar som ligg på fjorden og fiskar fortel at han har fått mykje laks, utan å talfeste det:
–Men det er mykje laks i fjorden, seier han.
Ved tømmerkaia i Vadheim er det sett opp eit mottak, der kan alle som har fått laks levere inn fangsten. Aller Aqua vil betale 200 kroner for kvar fisk.