Laks eller idrett?

Hofforganet til vegvesenet og kommuneleiinga, lyder namnet «Firda». Dei har ei lesarundersøking om laks eller fotball. Dei gløymde å ta med «alternativ 3» om gang- og sykkelbru, skriv  Jens Evjensvold, talsmann for aksjonsgruppa Framtidsførde.

Hofforganet til vegvesenet og kommuneleiinga, lyder namnet «Firda». Dei har ei lesarundersøking om laks eller fotball. Dei gløymde å ta med «alternativ 3» om gang- og sykkelbru, skriv Jens Evjensvold, talsmann for aksjonsgruppa Framtidsførde. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Kultur eller fotball? Vi ser konturane av ein ny front. Begge lag har gode argument og ei så god sak at godtfolk ikkje veit si arme råd. Ikkje formannskapet eller kommunestyret heller. Går det slik ein kan frykte, blir uansett den «vinnande» parten ein vandal.

Hofforganet til vegvesenet og kommuneleiinga, lyder namnet «Firda». Dei har ei lesarundersøking om laks eller fotball. Dei gløymde å ta med «alternativ 3» om gang- og sykkelbru. For kva skulle dei ha meint når det store fleirtal av førdianarar og sunnfjordingar landa her? Dette alternativet vil spare både idrettsfolket og lakseelskarane for sorg, sut og skuldkjensle.

FramtidsFørde hadde aldri sett dagens lys om vi ikkje visste at vi hadde eit stort tal meiningsfeller. Koronarestriksjonar til trass, har vi i løpet av relativt kort tid fått 1712 underskrifter. Dei aller fleste frå gamle Førde kommune. Heile det politiske veljarspekteret er representert.

Bystyret vedtok den 6. november 2017 i sak 067: « … å få etablert eit vegsystem som i større grad leiar gjennomgangstrafikken utan om sentrum…».

Oppgåva vert løyst med å leia meir gjennomgangstrafikk gjennom sentrum. For å forstå denne logikken må ein enten vere tilsett i vegvesenet, redaktør i lokalavisa eller politikar.

Vi som har styrt med FramtidsFørde har vår mest ihuga, uthaldande og kunnskapsrike «gravejournalist» i Kjartan Myklebust. Han er arkitekt med kompetanse i byplanlegging og har i årevis etter at Førdepakken var lansert peika på svakheiter og gjentekne gonger kome med konstruktive og framtidsretta endringsforslag. Ikkje alle hans forslag er like gode, men med eit ope sinn og dialog frå Førdepakken kunne det verkeleg ha vorte noko. I staden for å bli tatt med og bli tatt på alvor, har han vorte betrakta som er eit hår i Førdepakken-suppa.

I Russland bygger dei og bruer. Etter at dei tok Krimhalvøya i strid med folkeretten, gjekk det berre eit par-tre år før ei mykje lengre og gildare bru enn den vi diskuterer var på plass. For her hos oss skal kreti og pleti som syns dei har noko å seie blande seg inn og meine noko. Det går både vinter og vår fleire gonger og framleis er ikkje brua på plass. I eit lesarinnlegg nyleg uttrykker Olve Grotle sin partikollega Tore Fossen beundring over effektiviteten der borte og harselerer over vår sidrumpa seindrektigheit.

Når sjefen i Russland har bestemt noko vert det slik, og det kjapt og effektivt. Gravejournalistikk der borte er eit livsfarleg yrke. Trass alt skal vi vel vere glade for at «sjefen» vår heiter Olve Grotle og ikkje Vladimir Putin.

Olve og Jenny og dei tre andre gruppeleiarane som utgjer fleirtalet i kommunestyret hadde lesarinnlegget «Førdepakken – betre enn sitt rykte» i Firda 12. februar i år.

Det er verdt å lese ein gong til. Her finst demagogiske tjuvtriks så det held. Til dømes hevdar dei utan nyansar at «trafikkaos i Førde sentrum har plaga innbyggarane …. i mange år».

Når spaden snart er i jorda, ser folk flest kor gale dette ber av stad.

Førdepakken har malt seg inn i eit hjørne. Tore Fossen vert nok skuffa om bruvedtaket vert utsett enda ein gong i kommunestyremøtet komande torsdag 10., men eg har ei kjensle av at folk flest ville synest det var greitt.

Eller vil det ende slik?: «Førdepakken – verre enn sitt rykte»

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken