– Utsleppa i Noreg har no gått ned fire år på rad. Dette er svært oppmuntrande tal og viser at klimapolitikken til regjeringa verkar. Vi har sett oss ambisiøse mål, og dei skal vi arbeide hardt for å nå, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) i ei pressemelding.

Førre veke slapp Statistisk sentralbyrå (SSB) tal som viste at utsleppa fall med 2 prosent i 2019. Men tala for «industri og bergverk» og «energiforsyning» var likevel for høge. Desse er no korrigert, noko som betyr at den reelle nedgangen var på 3,4 prosent.

– Vi ser at klimapolitikken verkar. I transportnæringa søkk utsleppa fordi folk kjøper bilar som går på straum i staden for bensin og diesel, dei syklar, går og vel kollektivtransport til jobb. Regjeringa vil styrkje arbeidet med å få ned klimagassutsleppa. Gjennom året legg regjeringa fram klimaplanen sin som skal vise korleis vi skal oppnå klimamåla vi har sett oss for 2030, seier Rotevatn.

(©NPK)