Låg døyelegheit av covid-19 i Noreg

LÅGE TAL: Berre ein liten del av befolkninga har vore smitta av koronaviruset så langt. Bildet er frå sentralsjukehuset i Førde.

LÅGE TAL: Berre ein liten del av befolkninga har vore smitta av koronaviruset så langt. Bildet er frå sentralsjukehuset i Førde. Foto:

Av

Nye tal viser at døyelegheita blant koronasmitta i Noreg er mykje lågare enn det anslaget Verdshelseorganisasjonen (WHO) opererer med globalt.

DEL

I midten av april melde WHO at 6 prosent av alle som var registrert med koronasmitte, no var døde. I Noreg var talet 2,62 prosent ei veke seinare, og no ser døyelegheita ut til å vere så låg som 0,2 prosent, skriv Folkehelseinstituttet (FHI) i ein artikkel omtalt i Aftenposten.

Blodprøvar frå nesten 400 personar i Oslo-området viser at færre enn to av hundre har antistoff mot koronavirus. Det tyder på at berre ein liten del av befolkninga har vore smitta med koronavirus.

– Det betyr at det ikkje er store mørketal. Det var det vi var mest spente på, seier John T. Vaage til avisa. Han er professor og leiar for avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin ved Oslo universitetssjukehus.

Det står att fleire testar før han vil seie nøyaktig kor mange som har vore smitta, men dersom 2 prosent av ­befolkninga har vore smitta, betyr det at færre enn 107.000 vore koronasjuke i Noreg. Talet er truleg lågare sidan alle testane er gjort i Oslo.

Og dersom anslaget på 2 prosent stemmer, har rundt 0,2 prosent av dei smitta døydd, skriv Aftenposten.

Artikkeltags