Gå til sidens hovedinnhold

La Laksen på Festplassen i Førde vere i fred

Kronikk Dette er ein kronikk, skrive av ein ekstern bidragsytar. Kronikken gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Arkitektur og kunst er noko som vi omgjev oss til dagleg. Men ikkje alle tenkjer over kvifor dei står der dei står, og enkelte har for vane å rive ned byggverk andre har bygd opp, som dei sjølv ikkje har eit forhold til, i tråd med bruk-kast-mentalitet.

Dette fekk vi tydeleg demonstrert av fleirtalet i formannskapet i Sunnfjord kommune, den 24. november i år, desse var Sp og Ap som gjekk inn for veg (med rundkøyring)- og brualternativ 7, over Jølstra, eit vedtak som inneber riving av den 65 meter lange skulpturen Laksen på Festplassen i Førde, størst i sitt slag i Noreg. Denne skulpturen vart forma av den danske skulptøren Jørn Rønnau, med god dugnadshjelp frå førdesamfunnet og omegn. Hendinga vart då dokumentert av media m.a. som innslag i NRKs Norge Rundt, i beste sendetid. Laksen vart til som resultat etter den mykje omtala Miljøkunstveka i Førde som skjedde i 1989, og som verk og landemerke er den unik i nasjonal samanheng, og den er ein attraksjon og identitet for Førde. Som prosjekt representere dette verket symbolet for laksen i vassdraga og fjord. Naturverdiar som er verdt å ta vare på. Ikkje minst representerer Laksen eit fellesskapsprosjekt for samhald og dugnadånd. Desse verdiane er viktig og aktualisert i desse koronatider.

Med tanke på kontekst, kva det som gjer at politikarane i nye Sunnfjord kommune, 30 år etter går inn for å rive Laksen? Forstår dei eigentleg omfanget av kva dei gjer når dei praktisk talt vel å knuse denne skulpturen som er Førde sin identitet, kulturarv og viktige verdiar for samfunnet?

Svaret er Førdepakken, og den mykje omtala bilbrua over Jøstra som er omstridd som har fått store protestar frå folk. Men desse protestane blei oversett og avvist av fleirtal av dei poliske partia. Seinast på siste formannskap-møtet der bruforslaget fekk fleirtal (mot SV og MDG sine røyster), men alternativ 7 vart vald ut. Dette inneber riving av Laksen.

Sp og Ap representerer dette fleirtalet, og deira argumentasjon for dette påstand om betre trafikk-flyt i sentrum. I praksis går dette alternativet i favør av Førde idrettslag sine interessar i å verne 11ar-fotballbana ved Førdehuset, framfor alternativ 5, der 11ar-bana blir redusert til 9ar-bana, som var eit alternativ som Statens vegvesen og Sunnfjord kommune innstilte. I denne planen ville Laksen blitt spart. Og Førde ungdomskule som brukar av bana ville akseptert denne bane-reduksjon. Men Førde idrettslag åtvarar sterkt mot alternativ 5, og argumenterer for alt. 7 som tek vare på eksisterande fotballbane-storleiken. Dette kan vere samanfallande med idrettslaget sine draumar og ønske om eit stort stadionanlegg med tribune for to parallelle 11ar-baner (eit storanlegg som fort hamnar i milliard-klassa) realisert ein gong inn i framtida.

Førde har frå før fire 11ar-bane, fordelt mellom Førdehuset og Hafstad idrettspark, og har i utgangspunktet god dekning, samanlikna med andre stadar i Sogn og Fjordane og Vestland fylke.

Under debatten på formannskapsmøtet blei det skissert forslag for bygging av ei ny 11ar-fotballbane ved Halbrend skule som eit mogleg alternativ. Men dette alternativet ville ikkje Ap og Sp høyre snakk om dette og valde alt. 7, på kostnad Laksen som dei ønskjer å rive.

Med tanke på kor mange som har vore involvert i dugnad-prosjektet som bygging av denne skulpturen. Måten politikarane forvaltar av Laksen sett i samanheng med rivings-vedtaket, kan dette opplevast som respektlaust. Argumentasjonen som trafikkflyt verkar vikarierande, når argumentasjonen går i favør av idrettslaget sine interesser. Ord som «flytting» av Laksen til ein heilt annan stad som om den var eit byggesett, verkar ikkje særleg truverdig. Om dei verkeleg trur på dette opplegget, då har dei ha missoppfatta skulpturen som konsept. Denne Laksen blir rekna som permanent stadspesifikk installasjon som ikkje kan flyttast. Kunstnar har rettigheiter i utsmykkingsoppdrag også etter ferdigstillinga. Det er regulert etter «Lov om opphavrett (Åndsverkloven)». Noko som betyr at Sunnfjord kommune så vel som Statens Vegvesen ikkje kan rive skulptur utan avtale med kunstnar. På sviktande grunnlag trur Ap og Sp at skulptør kjem til å seie ja. Men det kan skje det motsette og då kan kommunen fort hamne ein rettstvist. Så heile dette flytte-argumentasjonen til Sp og Ap er bygd på missoppfatning og forsøk på å tåkelegging for å redusere Laksen på Festplassen sin verdi og status som skulptur, som blir ofra til fordel for vern av ei 11ar-fotballbane. Reint praktisk og juridisk representere opplegget til Ap og Sp som eit sjansespel.

Blir dette tankelause og famøse vedtaket ståande, kan Laksen risikere å bli sløygd, stykkevis og delt (og knust).

Dette politiske spelet vil neppe vil styrkje byen Førde og Sunnfjord sitt omdømme som kulturkommune. Saka kjem opp til handsaming i kommunestyret. Mitt råd: Det er ingen skam å snu. La Laksen på Festplassen i Førde vere i fred!

Les også

Ei bru til bry

Les også

Kunstnar Astrid: – Uaktuelt å flytte Laksen

Les også

Kommunalsjefen om Laksen: – Ifølge åndsverklova kan vi ikkje øydelegge eit kunstverk

Kommentarer til denne saken