Klar for bispedømerådet

Inger Helene Thingvold Nordeide frå Førde kom inn i bispedømmerådet i Bjørgvin.

Inger Helene Thingvold Nordeide frå Førde kom inn i bispedømmerådet i Bjørgvin. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Bispedømekontoret i Bjørgvin melder no at dirkete val av medlemmer til bispedømerådet er klart. Det vil seie at dei fire første på lista er klare.

Resten av lista vil ikkje bli klar og offentleggjort før etter den indrerekte valrunda som skal vere avslutta i desember. Då vil det også bli klart kven som er varamedlemmer.

Endelege stemmetal er ikkje offentleggjort, men rekkefølga på dei fire første er klar.

To av dei fire er frå Sogn og Fjordane, to frå Hordaland.

Dei fire er :

Nora Sætre Baartvedt (21) frå Voss.

Karl Johan Kirkebø (65) frå Bønes.

Vemund Atle Øiestad (67) frå Stryn.

Inger Helene Thingvold Nordeide (54) frå Førde.

Artikkeltags