– Folk rundt her seier at det er noko spesielt med dette området. Eg kjende inspirasjonen kome då eg sat her ein dag, og då skreiv eg mange dikt om naturen.

Det seier Emilie Lee Haukeland (15), som jobbar som guide på Hestad Kapell i sommar.

– Åshild Kjelstad Seljesæter spurte meg om eg ville vere guide her i sommar. No har eg vore her heile juli månad, og på fredag er eg ferdig. Som lokal har det vore veldig kjekt å jobbe her.

Kjenner ei sterkare tilknyting til Hestad

Kapellet har ei gamal historie. Den første kyrkja blei bygd der på 1100-talet, men etter mange århundrers forfall måtte det byggjast ei ny på 1800-talet. Det er den kyrkja som står der i dag.

– Eg visste ikkje at denne kyrkja har ei så rik historie. Eg har lært veldig mykje av å jobbe her, og føler ei sterkare tilknyting til Hestad.

Haukeland fortel at det ofte er ganske stille, men at dei få som dukkar opp ofte er interessante folk.

– Det kjem folk frå Frankrike, Tyskland og New Zealand, for å nemne nokre. Dei er alltid veldig interesserte i å høyre historia om kyrkja, så det er veldig kjekt. Eg har sett veldig lite nordmenn. Det syns eg er for dårleg.

Inspirert til å skrive dikt

Hestad Kapell står på eit naturverna område, og Haukeland har verkeleg kjent på roa:

– Eg har faktisk blitt veldig inspirert av å jobbe her! Eg skriv dikt, og eg likar å synge og spele piano. Turistane blir alltid over seg av iver når eg spelar på det gamle orgelet. Dei syns det er veldig fascinerande.

Sjølv om det av og til kan bli veldig stille på kapellet, syns ikkje Haukeland det gjer så mykje:

– Når eg er aleine finn eg roa, og når det kjem folk får eg møte menneske frå heile verda. Det har vore mange kjekke kulturmøte, og eg har i alle fall blitt mykje betre i engelsk! Eg kan faktisk historia om kyrkja betre på engelsk enn på norsk.

Vil ha jobben til neste år

Femtenåringen hadde eigentleg ikkje tenkt å skaffe seg sommarjobb i sommar, men så kom telefonen frå Seljesæter.

– Eg er veldig glad for at eg sa ja. Dette er ein ganske annleis jobb enn det venene mine har, og eg føler at eg får litt meir igjen for det enn det dei gjer. Viss eg blir spurt igjen til neste år, kjem eg til å sei ja.