Laurdag ettermiddag var det lange køar på E39 gjennom Førde sentrum. Trafikken stod nesten stille frå Circle K i retning Jølster, melde ein tipsar klokka 17.30. Tidlegare gjekk trafikken svært sakte ned Halbrendslia.

Grunnen til at trafikken gjekk sakte, er at kyr blir frakta heim frå Hafstadstøylen og til garden der dei høyrer heime på Hafstad. Dette går, tradisjon tru, føre seg midt på E39.

Kokka 17.36 hadde kyrne avslutta turen på E39, og trafikken gjekk igjen i normalt tempo.

Slik gjekk det då kyrne skulle heim i fjor: