Kvinne tatt i 117 km/t – bad om å få tilbake lappen

Ei kvinne i 20 åra trakka for hardt på gasspedalen då ho køyrde i Sunnfjord i januar. No mistar ho lappen fram til saka mot ho er avgjort.

DEL

Politiet målte farten til 117 km/t i ei 80-sone, og førarkortet vart inndrege på staden. I februar var kvinna i Sogn og Fjordane tingrett for å overtyde retten om at ho burde få behalde sertifikatet.

I retten forklarte kvinna at ho ikkje hadde køyrt fortare enn 100 km/t, sjølv om at ho erkjente å ha køyrt i 117 km/t då politiet stoppa ho.

Ho opplyste for retten at ho hadde stort behov for førarkort i jobben sin, og at ho også treng det for å reise til og frå jobb, og til andre daglege ærend.

Retten la vekt på styrka til bevisa, samt trafikksikkerheit og likebehandling, og landa derfor på at politiet kan behalde førarkortet hennar fram til saka mot ho er endeleg avgjort, men ikkje lengre enn til 30. april i år.

Artikkeltags