Kvinne sovna bak rattet - enda i grøfta i Naustdal

AV VEGEN: Ein bil køyrde måndag kveld av vegen nær Horstad skule i Naustdal. Føraren, ei kvinne, skal vere uskadd.

AV VEGEN: Ein bil køyrde måndag kveld av vegen nær Horstad skule i Naustdal. Føraren, ei kvinne, skal vere uskadd. Foto:

Føraren skal vere uskadd etter hendinga. Lappen har derimot politiet teke frå ho.

DEL

Klokka 19.25 måndag kveld melde Vest politidistrikt om ei trafikkulykke i Naustdal. Klokka 19.17 fekk dei melding om at ein bil hadde køyrt av vegen like ved Horstad skule.

Det var kun ein person i bilen, og politiet melde at føraren då var ute av bilen og var bevisst.

Politiets innsatsleiar på staden, Kjell Bolsø, fortel til Firda at bilen har komme oppover frå Naustdal og så hamna av vegen. Like før klokka 20.00 visste ikkje politiet årsaka til utforkøyringa, og dreiv då med avhøyr av føraren av bilen, som er ei kvinne i 60-åra.

Bolsø skildra då hendinga som udramatisk, og føraren skal ifølgje innsatsleiaren vere tilsynelatande uskadd.

Klokka 20.35 opplyser operasjonsleiar Stein Rune Halleraker i Vest politidistrikt at føraren hadde sovna bak rattet.

– På bakgrunn av dette har førerkortet blitt beslaglagt, og det vert oppretta sak, seier Halleraker.

Bilbergar har fjerna bilen og vegen er rydda opp att.

Artikkeltags