Kvinne kom til rette i Hermansverk

DEL

Vest politidistrikt fekk klokka 19.38 melding om at ei kvinne i 40-åra er komme vekk frå familie og turfølge på veg ned frå Geitadalen.

Politiet har rykt ut til staden og tek kontakt med den som har meldt om saka. Klokka 20.30 var det ikkje sett i gang nokon redningsaksjon etter kvinna.

Like før klokka 21 kom kvinna til rette. Det er uvisst kva som har skjedd, og politiet vil snakke med personen som melde frå og kvinna i løpet av kvelden.

Artikkeltags