Vest politidistrikt melde klokka 19.38 fredag kveld at ein kvinneleg fotgjengar var påkøyrd i Stryn sentrum.

Skadeomfanget er ukjent, men ifølge operasjonsleiar Jørgen Ommedal skal det ikkje vere snakk om alvorleg personskade.

– Vedkommande er vaken og oppegåande, sa han like før klokka 20.00.

Ommedal fortel til Firda klokka 21.10 at den påkøyrde kvinna er frakta med ambulanse til Volda sjukehus, men politiet veit framleis ikkje kva skader det er snakk om.

– Dette er ei vurdering som er tatt av ambulansepersonell på staden, eg har ikkje fått meir informasjon enn det, seier han.

Politiet på staden har avhøyrt føraren av bilen og har mellombels kverrsett førarkortet til vedkommande. Dei kjem til å opprette sak på hendinga.