Kommentar Dette er ein kommentar, skrive av ein redaksjonell medarbeidar. Kommentaren gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Eg har svart belte i barnehagar og skular i Førde. Det har vore Vieåsen barnehage, Tusenfryd barnehage, Solvang barnehage, Slåtten skule, Førde Ungdomsskule, Halbrend skule, Flatene skule og så Hafstad vidaregåande.
Nokon betre?
På toppen av det heile kjem fotballtrening, volleyball, kulturskule og korps. Kvardagen er ein heil bråte med logistikk for å komme i mål.
Likevel vil eg påstå at Sunnfjord kommune, og Førde som eg har erfaring med, er blant dei beste stadane i heile landet å vekse opp. Vi har svært gode skular, svært gode og nok barnehagar, og eit breitt fritidstilbod med flinke leiarar som engasjerer barna og ungdommane våre.
Dette må vi ta vare på også i framtida. Men det treng ikkje bety at alt skal vere slik det var på 1990-talet.
For det skjer store endringar i alderssamansetninga på oss som bur her. Talet på barn og unge er på veg full fart nedover, mens talet på eldre aukar dramatisk. Det betyr at vi må bruke mindre pengar på barnehagar og skular, og meir pengar på eldreomsorg.
Dette er rein matematikk. Vi må bruke vesentleg mindre pengar på barnehagar og skular.
Og kommuneadministrasjonen i Sunnfjord har gjort eit strålande arbeid: Der har dei laga planar som bør vere obligatorisk lesing for innbyggarane i kommunen. Desse dokumenta fortel på ein lett forståeleg måte korleis vi bør rigge oss for framtida. Her kan vi lese kor mange barn som vil vekse opp i bygdene våre dei neste åra, det er ein gjennomgang av standarden på eksisterande barnehagebygg, og det er framlegg til korleis ein framtidig barnehagestruktur kan sjå ut om nokre år.
Blant anna kan vi lese at kommuneadministrasjonen ønsker å erstatte tre gamle og slitne barnehagar på Vie-sida i Førde med ein flunkande ny ved Slåtten skule. Administrasjonen ønsker å bygge seks avdelingar i denne barnehagen, og for å ha handlingsrom vil dei ha avdelingar som kan ha 12 småbarn eller 24 større.
Dei har framleis tid til å ta grep. Kommunestyret har siste ordet i saka.
Firda-redaktør Kai Aage Pedersen
Den nye barnehagen på Slåtten skal erstatte Tusenfryd barnehage, og det det skal også vurderast om Hatlehaugen og Vieåsen barnehage kan bli erstatta av den nye barnehagen.
Og det er her det store engasjementet har komme frå tilsette og foreldre. Då fristen gjekk ut 1. februar, var det komme inn 30 høyringsforslag, mange av dei frå foreldre og tilsette i dei nedleggingstruga barnehagane. Fleire argumenterer for kor viktig det er å ha barnehagar i nærmiljøet.
(Uhøgtidleg meiningsmåling til slutt i saka. Er du einig med redaktøren?)
Dette engasjementet er verdifullt, og det har heilt tydeleg gjort inntrykk på politikarane som no er i ferd med å lande på ei løysing som liknar på eit kompromiss: Den nye barnehagen på Slåtten kan bli redusert til fire avdelingar og avdelingane skal ikkje ha meir enn 9 eller 18 barn. Mest truleg blir Tusenfryd ofra, mens Vieåsen og Hatlehaugen får leve.
Difor var det ein frustrert kommunedirektør, Terje Heggheim, som fekk ordet på slutten av debatten i formannskapet. Han understreka at det MÅ takast tunge grep for å flytte pengar frå oppvekst til eldreomsorg. Dersom det blir brukt mykje pengar på ombygging og vedlikehald av dei gamle barnehagane, blir det mindre å bruke på eldreomsorg.
Frå Vieåsen til Slåtten er det 2,5 kilometer med bil. Mange av foreldra som bur der har jobb på sjukehuset eller i sentrum. Alt som skal til er ein omveg på eit par hundre meter. Der kan foreldre levere barna i ein topp moderne barnehage som tilfredsstiller alle dagens krav. Har du fleire barn, kan du mest truleg levere og hente i same barnehagen.
Vinn-vinn for dei fleste, og mange vil påstå at også dette er barnehage i nærmiljøet.
Eg er også einig med kommunedirektøren i at dei seks avdelingane på Slåtten må ha kapasitet til 12 og 24 barn for å ha full fleksibilitet. Det er ikkje nødvendig å ta i bruk heile denne kapasiteten, men i periodar kan det vere nødvendig med litt ekstra plassar i avdelingane for at alle skal få barnehageplass. Og barnehageplass til alle må ha høg prioritet.
For min eigen del er barnehagelevering eit avslutta kapittel. Snart seier eg også takk for meg på alle dei gode skulane eg har fått sjansen til å ha barn på.
Så får tida vise om eg ein gong i framtida kan skryte på meg svart belte i eldreomsorg i heimbyen Førde. I Firda har eg lese med ein viss skepsis at vi i 2040 har 1600 fleire innbyggarar over 80 år enn vi har i dag.
Det kan bli trongt om plassen og dårleg med stell på sjukeheimen.
Kanskje bur det nokre politikarar der som angrar på at dei ikkje gjekk hardare til verks då dei i 2023 hadde sjansen til å legge ned barnehagar det eigentleg ikkje er bruk for.
Dei har framleis tid til å ta grep. Kommunestyret har siste ordet i saka.
Barnehagen på Slåtten: Formannskapet vedtok maksgrense for tal barn per avdeling

Formannskapet vil frede Karstad barnehage i eitt år
