Kvifor kjem ikkje kvinnene tilbake til Bygde-Noreg – her vi har det så bra?

 Kyrkjegarden er full av uerstattelege menn – og kvinner som aldri har fått høve til å leve ut sitt potensiale fordi ein mann sto i vegen, skriv Alfred Bjørlo i dette lesarinnlegget. Vidare frå v.  Janne Endal Andersson, Elin Paulsen, Åslaug Krogsæter, Cecilie Åshamar, Siri Sandvik og Kristine Dahl.

Kyrkjegarden er full av uerstattelege menn – og kvinner som aldri har fått høve til å leve ut sitt potensiale fordi ein mann sto i vegen, skriv Alfred Bjørlo i dette lesarinnlegget. Vidare frå v. Janne Endal Andersson, Elin Paulsen, Åslaug Krogsæter, Cecilie Åshamar, Siri Sandvik og Kristine Dahl. Foto:

Av
DEL

MeiningarDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.«Men livmora mi får du aldri» er tittelen på ein fabelaktig tekst skriven av Maria Dyrhol Sandvik tilbake i 2015 (lenkje i kommentarfelt under). Ein tekst eg aldri har klart å legge frå meg.

Temaet er det som har blitt kalla «utkantjentenes stille revolusjon»: Bygdejenter som flyttar til storbyen for å ta utdanning, og kvifor så mange av dei vel å bli verande der. Medan mannlege næringssjefar og politikarar på bygda vil at dei skal kome heim – for å «pynte på fødselsstatistikken».

For kvifor kjem ikkje kvinnene tilbake til Bygde-Noreg – her vi har det så bra?

Maria Dyrhol Sandvik sitt hovudpoeng (med sitt eige heimfylke Møre og Romsdal som døme, men det er mindre viktig her), er at vi må slutte om å snakke om at kvinnene skal kome for å «berge bygda» – for å føde ungar og rette opp kjønnsbalansen.

Og at då handlar det ikkje først og fremst (i alle fall ikkje berre) om flyplass, vegar og breiband – men om haldningar. Om lokalsamfunn der menn set premissane og styrer kva som er viktig – men også om haldningar blant kvinner i dei eldre generasjonane. Ho brukar omgrepet «kjerringkultur» – dei godt vaksne kvinnene som står last og brast med menn som t d Trond Giske og er skeptiske til motiva til unge kvinner som er modige nok til å gjere opprør mot ein innarbeidd kultur i ein organisasjon/ eit lokalsamfunn (Må berre seie at eg er ufatteleg imponert over desse unge AUF-jentene i Trøndelag. Alle som no harselerer over dei i kommentarfelta på Facebook, burde prøve å bruke 5 minutt på å forstå kor langt inne det sit å gjere det desse jentene no har gjort og kor mykje dei har risikert. Og framleis risikerer.).

Maria Dyrhol Sandvik skriv godt om korleis ein på lokalt nivå ofte ikkje klarer å setje reell, «djup» likestilling på dagsorden, sjølv om ein prøver. Om sjølvforsterkande sirklar, der ein ut frå gode hensikter vil at folk med lang røynsle skal styre – altså stort sett menn. Om ting som ikkje kan løysast med eit knips eller med enkeltståande vedtak, men ved eit seigt, langvarig arbeid med å endre forståinga av kvifor likestilling er viktig.

Om å forstå kvifor ein gammal «mannskultur» i ei distriktskommune som alt anna må fornyast og endrast. Korleis strukturane må endrast slik at unge kvinner ikkje berre er «pynt» og eit hendig verkemiddel for å skape vekst på bygda – som kan setjast til side når dei mannfolka i toppen av politikk og næringsliv i ein distriktskommune eller ein provinsby har snakka saman.

Noko av det eg er mest stolt av i jobben vi har gjort dei siste åra med å rigge nye Stad kommune, er at eg trur vi har klart å ta likestillingsperspektivet på alvor. Ganskje «djupt» og tvers gjennom. Eg seier TRUR – fordi det strengt tatt ikkje er opp til meg som middelaldrande mann å døme – men eg tillèt meg likevel å prøve å seie nokre ord om temaet.

Vi har på vegen mot nye Stad kommune hatt tydelege, sterke kvinnelege leiarar og premissleverandørar i samanslåingsprosessen i kommuneadministrasjonen (og hovudtillitsvalde). Det politiske miljøet i Eid og Selje sette likestilling øvst på dagsorden inn mot det første felles lokalvalet i 2019. (For ordens skuld: Eg skal IKKJE skryte på meg æra for likestillings-løftet i lokalvalkampen i Stad. Her var det kvinner i fleire parti som «snakka saman» og tok grep, med noverande varaordførar Siri Sandvik i spissen.)

Resultatet er at vi no har eit likestilt kommunestyre med balanse mellom kvinner og menn. Ikkje berre for kommunestyret samla, men også for kvart einaste eitt av dei sju partia. Og lik kjønnsfordeling av leiarverv i politiske utval.

Så er vi no heilt i sluttfasen av arbeidet med «masterplanen» for den nye kommunen: Samfunnsdelen av kommuneplanen, som skal endeleg vedtakast av Stad kommunestyre om halvanna veke.

Og eg vågar meg på følgande påstand: Denne planen er det beste og mest gjennomarbeidde planarbeidet eg til no har vore med på. Og det har blitt ein HEILT anna plan enn om det hadde vore menn ved roret og i strategiske nøkkelposisjonar i planarbeidet.

Med fare for å trakke uti eit minefelt av omgrep: Det er ein smartare og meir inkluderande plan, som går djupare ned i dei grunnleggande strukturane for å endre samfunnet. Ikkje så mykje hardcore asfalt og industri – men med vekt på kvardags-kvalitetane i bygdesamfunna, sosiale nettverk og kunnskapsinfrastruktur. Å legge grunnlaget for å skape «Verdas beste vesle stad» for dei som bur her, ikkje berre vere på jakt etter dei som skal flytte til. For dei vil kome dersom staden er bra – og vi klarer å fortelje historia om det.

Ein plan forankra i ei ny tids forsking og oppdatert kunnskap om samfunnsutvikling. Med blikk for nettopp det Maria Dyrhol Sandvik etterlyser: Ei ekte interesse for folk som FOLK – ikkje berre som «barneprodusentar» for å berge bygda. Laga av eit ekstremt kompetent lag tort sett beståande av kvinner – alle 100 % dedikerte og nokre av dei skarpaste hovuda eg har arbeidd saman med. Eg veit det, for eg har brynt meg på dei.

Alt dette er vel og bra. Og alle vil i prinsippet vere samde i at det er bra med fleire kvinner i leiande samfunnsposisjonar. Men det krev noko som er heilt oppsiktsvekkande vanskeleg: At menn i etablerte posisjonar av og til må velje å «tre til side» – ikkje sjå seg sjølv som det sjølvsagde sentrum i verda, og klare å sjå seg sjølv utanfrå. Uansett om du er leiarkandidat i Trøndelag Arbeiderparti, sokneprest i Sogn eller mannleg ordførar i ei distriktskommune.

Og då kjem vi til omsider til historia om dette fotoet.

Rett før sommaren fekk eg til gjennomsyn eit infomagasin Stad kommune skulle sende ut til alle husstandar om den nye Samfunnsplanen vår. Med m a dette fotoet inni.

Då melde eg tilbake til ho som laga magasinet at eg ikkje likte bildet så godt, og lurte på om ho kunne bruke eit anna. Då ho spurde kvifor, var eg nok litt vel ærleg i svaret: Eg hadde ikkje lyst å sjå ut som ein litt rufsete, sjuskete kledd halvfeit tusseladd heilt ute på sida av ein gjeng fokuserte og skarpe damer som dominerte bildet.

Heldigvis fekk eit like ærleg svar rett tilbake i trynet – som skal bli mellom henne og meg. Og null gjennomslag.

Skal distrikts-Noreg bløme i framtida, må vi våge å utfordre oss sjølve sterkare på likestilling. Vi må forstå at framtida ikkje ligg berre i alfahannane som tek plass i rommet og «må no få lov å vere seg sjølv, for dei er jo så flinke» – uansett korleis dei blir opplevd av neste generasjon kvinner. Bruduljen i Trøndelag Ap bør vere ein god inngang for ein ærleg debatt i mange organisasjonar, partilag og lokalsamfunn rundt om i heile Noreg. Gjerne saman med Maria Dyrhol Sandvik sin kloke tekst frå 2015.

Eg har ikkje tenkt å bli skylt ut med badevatnet heilt enno. Det er kjekt å henge med ei stund til, og vi treng mannlege sjefar også som del av balansen. Men eg merkar at eg får stadig lågare skuldrer. Kyrkjegarden er full av uerstattelege menn – og kvinner som aldri har fått høve til å leve ut sitt potensial fordi ein mann sto i vegen.

Som dei gamle romarane sa til krigsheltane etter eit vunne slag: Memento mori – hugs at du skal døy. Og leve livet deretter.

Dette lesarinnlegget vart først publisert på Facebook.




Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags