Gå til sidens hovedinnhold

Kvifor kan de ikkje støtte dette Tore og Frida?

Artikkelen er over 1 år gammel

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

I morgon tysdag den 1. desember skal Stortinget handsame sak om Vindkraft på land. Ap, Sp, MDG og SV foreslår følgande:

Stortinget ber regjeringa komme tilbake til Stortinget med forslag til ein ny heimel i energilova som lyder:

«Konsesjon kan berre givast dersom fordelen ved tiltaket klart overstig skader og ulemper for allmenne og private interesser som blir råka. Skader og ulemper av andre tiltak som utførast i samanheng med det aktuelle tiltaket skal takast med i vurderinga av om det bør givast konsesjon. Det skal også takast omsyn til andre skade- og nyttevirkninger av samfunnsmessig betydning.

I vurderinga av om konsesjon bør givast skal det særleg leggjast vekt på konsekvensar for friluftsliv, landskap, naturmangfald, samiske interesser, sammenhengende naturområde med urørt preg og samla belastning. Omsynet til kommunale og regionale arealplanar skal vektleggjast.

Regjeringspartia og Frp går mot dette. Kvifor Tore Storehaug, Kr. F og Frida Melvær, Høgre? Er det fordi Frp ikkje vil?

Les også

Vindkraft-Hansen kjem klimaskadane i forkjøpet

Les også

Kommunane skal få bestemme om vindkraft sjølve: – Eg trur det ikkje før eg ser det

Les også

Olve Grotle: – Vil ikkje kategorisk svare ja eller nei til vindkraft

Kommentarer til denne saken