Kvifor har ikkje Førdepakken vist ei løysing som reddar både fotballbana og laksen?

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Skulle tru berging av laks og bane må ha vert ei overtydeleg tinging og ein naturleg del av prioriteringslista pakken er bygd på.

I samband med utbygging av Førdepakken har brua ved Førdehuset kome lenger og lenger ned på prioriteringslista. Kanskje i ikkje formelt, men i praksis. Årsaka er kostnadar som var ukjende då den blei sett på topp. Kostnadene er fotballbane og/eller laksen. Somme ser på dette som sommel, men kjernen er at kostnader er ein del av ein kvar prioritering. Sei at det kosta 50 eller 150 mill. ekstra å berge laksen og bana? Hadde ein då latt bilbrua vere for no og konsentrert seg om andre tiltak i pakken?

For eit par år sidan skreiv eg, mellom mykje fjas, om mogelegheita til å flytta sjølve krysset ut i elva. Langt frå ein perfekt løysing det heller, men hadde det ikkje vore kjekt å vita kor mykje det hadde kosta å få noko slikt til å passe med vegnormalane? Eg kan ikkje huske å ha sett framlegg som bergar både laks og bane. Andre har sikkert betre forslag, men det kunne til dømes vere to smalare bruer forma som ei rundkøyring vi kjenner frå større vegsystem elles i Europa. Eller ein meir tradisjonell rundkøyring med eit brutårn i midten. Og julestjerne i toppen av tårnet.

Eg håper alle i kommunestyret har vore ved helsetunet og sett kva som skjer der nå. Eg skjønar at dei som sto der og fekk ein god kjensle stemde for bilbru ved Førdehuset. Eg håpar dei som får ein dårleg kjensle der nede stemte for utsetting av bilbru ved Førdehuset.

Val av brualternativ handlar om meir enn valet mellom 7-ar og 9-ar bane

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken