– Dette starta i ei badstove i Trondheim saman med Tuva, seier Ronny Brede Aase.

Det er godt kjent at radio- og TV-profilen frå Førde er svært glad i burgar og øl. Han er også ærleg på at han ryddar kanskje ikkje like mykje som han burde. I ei badstove saman med kona Tuva Fellman begynte han å prate om kvifor han gjer dette, når han veit at det ikkje er det beste for han.

– Då svarte ho «Kan ikkje du berre gjere ein TV-serie ut av dette», fortel Brede Aase om.

Og slik vart det.

Vil finne svaret

Brede Aase fortel at han er veldig nysgjerrig på kvifor hjernen vår kan ta val som er irrasjonelle, teite, dumme og merkelege.

– Eg trur mange vil kjenne seg igjen, både på stort og smått. Det kan vere alt frå å ete godteri på ein onsdag til å vere utru. Det handlar i stor og liten grad om at ein gjer noko, vel vitande om at det ikkje er bra, seier han.

Han trur at det er mange som har tenkt «Kvifor gjorde eg det». Og det spørsmålet han skal prøve å få svart på gjennom å snakke med fleire ekspertar og folk som deler si historie.

– Eg brukar meg sjølv mykje i serien der tematikken passar, i tillegg har eg prata med andre som vil fortelje si historie. Eg pratar også blant anna med psykologar, terapeutar og avhengigheitsekspertar, seier han.

Kjem til våren

Dato for serien er ikkje sett, men ein gong på våren neste år er 36-åringen klar med dokumentarserien «Et hardt liv». Serien er framleis i produksjon.

– Vi er godt i gang, men har ein del igjen. Vi kjem nok til å jobbe fram til premieren ein gong på våren, seier han.

Brede Aase fortel at han allereie har lært mykje.

– Det er mange ting vi gjer på automatikk, fordi vi alltid har gjort det slik. Programmet er ikkje meint for at eg skal bli perfekt, men kanskje bli litt flinkare til å ta smartare val, seier han.

Førdemannen fortel at han reiser rundt om i landet for å lage serien.

– Vi har snakka med folk over heile landet, seier han og seier at dei også kjem vestover.