Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Idar Mo er den pensjonerte samferdslebyråkraten som store delar av livet sitt har engasjert seg for eit betre busstilbod. I ei tid då delar av busstilbodet i distrikta ser ut til å bli ofra for både tog og store vegprosjekt, er han meir aktuell enn nokosinne. Men ingen ser ut til å lytte til dei løysingane han legg på bordet. Det er heller ingen som imøtegår han på faktagrunnlaget han legg på bordet..
Kort fortalt meiner han det er langt billegare og betre for samfunnet å bygge eit godt rutetilbod for buss framfor å satse på jernbane. Jernbanenettet som stort sett er laga for å reise til og frå Oslo er svært dyrt å vedlikehalde og drive, og det er lite av desse pengane som kjem distrikta til gode.
Firda har i fleire saker i haust dokumentert at det står dårleg til med delar av ekspressbusstilbodet for buss. Mange av rutene vart lagde ned under pandemien, og viljen til å få dei i gang att er laber. Det er ikkje mogleg å ta buss frå Førde til Bergen på morgonen, og mellom Sunnfjord og Trondheim er det ikkje ekspressbussrute i det heile.
Grunnen er ganske enkel: Det er ikkje mogleg for ruteselskapa å tene pengar på desse rutene. På Stortinget er det liten vilje til å snappe opp denne ballen, Både Erling Sande (Sp) og Torbjørn Vereide (Ap) seier rett ut at det ikkje vil vere mogleg å skaffe pengar til dette i 2023.
Eg har stor forståing for at det er vanskeleg å hoste opp pengar til alle moglege gode tiltak på kort varsel. Men det kan kanskje vere på sin plass å minne alle skal med-partiet og ta heile landet i bruk-partiet om at eit minstemål av busstilbod er grunnleggande infrastruktur som må vere på plass i dette landet. Det skulle berre mangle at det ikkje går daglege bussruter mellom Trondheim og Sogn og Fjordane.
Og vi snakkar faktisk om eit land som har konkrete planar om å sette opp el-fly mellom Bergen og Førde så snart som i 2025. Tenk det! Eit batteridrive fly med sju–åtte passasjerar skal ta oss til Flesland, men buss til Trondheim er vi ute av stand til å få inn i rutetabellen.
På same tida som ekspressbussane mellom landsdelane våre blir strokne frå rutetabellen, sel Ruter månadskort på T-bane, trikk og buss i Oslo til halv pris. Der strøymer passasjerane til Ruter sine kollektivtilbod etter at det har vore nedgang sidan pandemien. I distrikta må vi betale etterverknadane av pandemien frå eiga lommebok.
Det er her det bør vere mogleg for distriktspolitikarane våre å sette seg ned med Idar Mo. Då får dei høyre at staten betalar 11 kroner for kvar einaste kilometer ein passasjer reiser med tog. Ein togpassasjer som kjøper billett mellom Oslo og Trondheim belastar skattebetalarane med 7150 kr.
Tenk det! Du og eg betalar over 7.000 kroner for kvar einaste person som tek denne turen.
(Sjå debattinnlegg frå Idar Mo nedst i saka).
Kor mykje sponsar så staten for at folk skal ta ekspressbuss på stamvegnettet?
Ikkje fem øre. Her er politikken at dette skal vere sjølvfinansierande.
Dette er det vanskeleg å skjønne. Og det bør vere meir enn nok til at politikarane våre kastar seg over saka. Jernbanen er rett nok ei heilag ku på Stortinget, men dette treng ikkje bety at ekspressbusstilbodet skal haldast i kneståande av den grunn. At bussane går på diesel er sjølvsagt eit argument på minussida, men alternativa til dei som skal reise mellom Trondheim og Førde er ikkje meir miljøvennlege: Fly eller privatbil. Det er dessutan berre eit tidsspørsmål når også busstrafikken bli elektrifisert og blir minst like berekraftig som jernbanen.
Derfor er det på tide å ta Idar Mo på alvor. Han har skrive og snakka om dette i fleire tiår. Men ingen lyttar.
Politikarane våre kan også lytte til dei som kjenner på mangelen av busstilbod i kvardagen. Unni Eikeseth frå Førde er ei av dei. Ho brukte 10,5 timar på turen frå Trondheim til Førde, ein tur som starta midt på dagen, og med bussbyte i Otta og på Nordfjordeid:
– Korleis eg har det no? No er eg drit lei, og veldig sliten, var den oppgitte kommentaren Eikeseth gav til Firda under den strabasiøse turen.
Så skal eg til slutt minne om formuleringa i Hurdalsplattforma (regjeringsplattforma til AP og Sp):
«Regjeringa vil ha et godt utbygd kollektivnett i hele landet. Det skal være enkelt og rimelig både å reise til og fra jobb og skule og å reise raskt og klimasmart mellom landsdelene, de store byene og til utlandet».
Enkelt og rimeleg er vel neppe ord Unni Eikeseth ville brukt om busstafetten ho var med på frå Trondheim til Førde.

Gal politikk har stoppa trondheimsbussen

Ingen løfte om trondheimsbuss med det første

Bussen forsvann. Sat på med vogntogsjåfør for å komme seg til Trondheim
