Gå til sidens hovedinnhold

– Kvifor bruke rekrutteringsbyrå når vi har så mange dyktige folk?

Erik Olav Hagen set spørsmålsteikn ved kvifor Sunnfjord kommune vel å nytte seg av rekrutteringsbyrå når ein har dyktige politikarar og tilsette.

For abonnentar

– Eg skjønar ikkje kvifor det dei skal bruke pengar på eit rekrutteringsbyrå. Kommunestyret vårt og administrasjonen er samansett av ein heil bråte med dyktige folk som har vore borti store tilsettingsprosessar tidlegare, seier Erik Olav Hagen.

I jakta på kommunedirektør Ole John Østenstad sin erstattar, har tilsetjingsutvalet henta inn rekrutteringsbyrået Headvisor for å hjelpe til å finne den rette kandidaten.

Tilsetjingsutvalet består av ordførar Jenny Følling, varaordførara Anne Lilleaasen, Helge Robert Midtø, Åsmund Berthelsen og to representantar frå dei tilsette. Dette tilsettingsutvalet har fått fullmakt til å tilsetje eit rekrutteringsbyrå, og å forhandle med aktuelle kandidatar. Utvalet skal vidare utforme ei innstilling i ei sak til formannskapet og kommunestyret.

Det er kommunestyret sjølv som tilset kommunedirektøren.

Les også

Østenstad går av: – Ny leiing kan gje energi og kraft

Kryr av folk med personalerfaring

Hagen dreg fram at kommunestyret og formannskapet består av folk som er vande med å ha ansvar og tilsette folk. Blant anna har vi tidlegare fylkesordførar og no ordførar Jenny Følling, dei tidlegare ordførarane Håkon Myrvang, Mathias Råheim og Oddmund Klakegg.

Fleire i kommunestyret har også erfaring frå privat og offentleg næringsliv. Helge Robert Midtbø jobba tidlegare i Sunnfjord Energi, og no som driftssjef i Helse Førde. Atle Hamar som har bygd opp lotteri- og stiftelsestilsynet, samt Gunn Merete Paulsen, advokat i PwC og vikarierande direktør i same tilsyn som Hamar.

I tillegg til kommunestyret består også administrasjonen i kommunen av folk med høg kompetanse. Ellen Jensen, tidlegare kommunedirektør i Jølster, no saksbehandlar, og personalsjef Jan Birger Moe som tidlegare har jobba som personaldirektør i Sogn og Fjordane sin største arbeidsplass, Helse Førde.

Hagen dreg også fram Gunhild Berge Stang, tidlegare ordførar i Fjaler, statssekretær og no dagleg leiar i Sunnfjord Utvikling som er eigd av Sunnfjord kommune.

– Dette er folk med både eit stort nettverk, og kompetanse eller erfaring med å tilsette folk. Dei skal også jobbe tett på den nye kommunedirektøren, og det er då naturleg at dei sjølv får testa om det er kjemi og grunnlag til eit godt samarbeid.

Les også

Østenstad sluttar. Desse kan vere aktuelle som etterfølgar

Vanskeleg å finne pengar

– Trur ikkje du rekrutteringsbyrået kan ha ein kompetanse som formannskapet og dei du har nemnd ikkje har frå før?

– Det er det ein må sjekke opp i. Korleis ser dei i formannskapet på eigen kunnskap, og kva tenker dei? Dei får 190.000 kroner for å vere i formannskapet, nokon burde få eit utvida ansvar til å finne kandidatar gjennom sine nettverk, meiner Hagen.

Søknadsfristen på stillinga gjekk ut 7. januar, og Hagen er klar over at han er seint ute med å ytre problemstillinga. Likevel meiner han det er viktig å ta opp debatten.

– Vi ser diskusjonen som har gått med vanskelege budsjettforhandlignar og at det er vanskeleg å finne pengar. Dei skal budsjettere igjen neste år, og det kan vere god læring å ta diskusjonen.

Følling: – Heilt vanleg

Ordførar og leiar av tilsetjingsutvalet, Jenny Følling, seier det er heilt vanleg å få hjelp frå eit rekrutteringsbyrå når ein skal tilsette kommunedirektør som den øvste leiaren i kommunen. Dette er den einaste stillinga som kommunestyret tilset i kommunen. Når ein skal tilsette ein kommunedirektør kan ein ikkje nytte seg av den kompetansen som er i kommuneadministrasjonen.

– Dette er nødvendig for at vi skal vere trygge på prosessen, og vere sikre på å finne den beste kandidaten. Vi ville ha eit firma som har erfaring med å tilsetje øvste leiar i kommunal sektor.

Tilsetjingsutvalet hadde fire rekrutteringsbyrå som la inn tilbod på jobben. Følling seier dei la stor vekt på erfaring då dei valde Headvisor. Det er for tidleg å seie kva den endelege prisen på arbeidet Headvisor skal gjere fordi prosessen ikkje er ferdig enno, men det ligg mellom 150.000 kroner til 190.000 kroner.

– Diskuterte de nokon gong om de hadde kompetanse til å tilsette sjølv?

– Prosessen er forankra i eit samrøystes formannskap som vedtok at tilsettingsutvalet skulle bruke ekstern hjelp i prosessen, og det er heilt vanleg praksis i slike tilsettingar. I og med at det er det viktigaste vi gjer er å tilsette ein dyktig leiar, treng vi hjelp og erfaringar frå nokon som har gjort dette tidlegare, seier Følling.

Les også

Han skal leie arbeidet med å vurdere politikarlønene: – Veldig mykje er bra og fungerer godt

Les også

Grotle meiner forgjengaren teiknar eit for dystert bilde av politikken i Sunnfjord

Les også

Gunnar slepp betale sjokkrekninga frå kommunen: – Skulle berre mangle!

Kommentarer til denne saken