Tysdag 16. mai klokka 21.07, då resten av samfunnet er i innspurten til 17. mai-feiringa, publiserer Firda ein kommentar av redaktør Kai Aage Pedersen med overskrifta; Nokon som vil søke leiarjobb hjå denne mannen?

Les også

Nokon som vil søke leiarjobb hjå denne mannen?

Bakgrunnen for kommentaren byggjer på informasjon eg formidla i siste formannskapsmøte i Sunnfjord. Det gjeld folkevalde og andre sine moglegheiter til å besøke kommunale tenester.

Pedersen skriv; «kommunedirektør Terje Heggheim var misnøgd med at dei to leiarane hadde sloppe Nordal innom dørstokken på einingane dei er sjef for. At dei i tillegg hadde snakka med Firda til stades i møtet, gjorde at han fann det nødvendig å teikne opp nokre retningsliner.»

Eg er på ingen måte misnøgd med at dei to leiarane tok i mot besøk. Eg syns faktisk det er flott at dei gjorde det. Derimot meiner eg partiet burde ha kontakta oss for å informere om eit slikt møte. Eg syns også det er flott at leiarane snakka med Firda. Eg har heller ikkje funne det nødvendig å teikne opp nye retningsliner, men minner gjerne om dei som ligg der frå før.

Sunnfjord kommune er ein organisasjon med snart 2 400 tilsette fordelt på 83 einingar. I løpet av eit døgn har vi vaktskifte, ulike turnusar, vanskelege brukarsituasjonar, hendingar som er underlagt teieplikt, elevar som har ein dårleg dag, elevar med ein god dag, ein dement som syng, ein annan med aggressiv åtferd, sorg, glede, latter og tårer. Altså ein kommunal kvardag.

Dørene til kommunen er opne. Eg har ingen intensjon eller rett til å stenge dei. Vi må likevel ikkje gløyme at ein institusjon, omsorgsbustad, bu- og miljøtiltak, faktisk er heimen til innbyggarane våre. Er det i det bilde eit urimeleg krav å vite om at ein politisk delegasjon besøker ein slik stad, enten for å snakke med leiarar, tilsette, tillitsvalde eller brukarar? Om det skriv Pedersen;» då skal dei ifølge kontrollregimet spørje fint, helst fortelje kva dei vil snakke om, og på toppen av det heile skal kommunedirektøren informerast om besøket.»

Nei, du treng ikkje spørje fint. Ein telefon, kort mail eller SMS, held lenge. Nei, vi treng heller ikkje å vite kva du skal spørje om, men veit vi det, får du betre svar. Men du har rett, ja, kommunen skal vite om det. Vite om, ikkje nekte. Folkevalde har også eit arbeidsgjevaransvar og eit godt samspel er heilt avgjerande for å lukkast.

Så reflekterer Kai Aage Pedersen over ein tanke om at Erna Solberg og Jonas Gahr Støre får grønt lys for besøk mens Åsmund Berthelsen som lokalpolitikar får avslag. Det skal no statsministeren sitt kontor ha; dei er flinke til å sende hyggelege førespurnader om å få besøke dei kommunale tenestene, og dei går alltid tenesteveg. Det er eg sikker på at erfarne Åsmund også ville gjort. Eg har som sagt ingen intensjon, faktisk ikkje heimel til å nekte dei. Formelt følger det av kommunelova § 11-13, kort fortalt; dei folkevalde har innsynsrett i alt.

Vidare utfordrar redaktøren oss på om kommunedirektøren og formannskapet har lese verdiane til Sunnfjord kommune, då refererer han til ein raus og open kommune. Eg hadde ikkje byrja i kommune då dei vart nedfelt, men støttar dei fullt ut.

Redaktøren har rett. Det er stramme budsjett i kommunane. Også i Sunnfjord. Eg er på ingen måte blind eller døv for dei utfordringane vi har. Du har rett, leiarane i omsorgstenestene møter dei kvar dag. Dei er i sin fulle rett til å fortelje om det. Til Firda og deg, folkevalde og alle andre.

Kvar dag går vi på jobb for å gjere tilbodet til innbyggarane betre. Vi har også planar for korleis vi skal gjere det framover. I samband med økonomiarbeidet vil du i dagane og vekene som kjem sjå assisterande kommunedirektør Lise Mari Haugen svare på det som eigentleg er kjernen i kommentaren din; kor tid skal vi prioritere eldreomsorga? Det spørsmålet er heilt rett å stille. Eg veit vi vil levere. Det vil også dei folkevalde.

Så må ikkje dette bli ein kamp om ord mellom redaktør og direktør. Når alt kjem til alt; vi vil det same.

Men, kven vil eigentleg ha ein leiarjobb hjå denne mannen?

I dag, måndag 22. mai, gjennomfører vi andre gangs intervju av kandidatar til stillinga som kommunalsjef for kultur og idrett. Kven skal overta etter Hilde Bjørkum? Det er i alle fall 11 som vil ha den jobben. Eg syns det hadde vore kjekt om Firda hadde spurt etter søkarlista. Skrive om stillinga og ambisjonane til Sunnfjord og Førde som regionby, arrangør av internasjonale festivalar, EM og VM, og mykje meir. Eg held ikkje lista skjerma, men kan ikkje sjå at Firda har synt noko interesse. Kva med å spørje søkarane om kvifor dei vil ha leiarjobb i Sunnfjord kommune?

Les også

Den som teier, samtykker