Gå til sidens hovedinnhold

Kven har bruk for tunnel under Langeland?

Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Og kvifor bruke fleire milliardar når ein kan få ei like god løysing for halve prisen?

Det er planlagd ny E 39 til erstatning for Hafstadlia med alle sine problem. Vegvesenet vil lage lang tunnel på 12.73 km frå Myra til Brulandsberget. Myra ligg ikkje langt frå Skilbreidvatnet i gamle Gaular kommune. For å kome vidare frå Bruland retning Jølster, vil ein seinare gå inn i ein ny lang tunnel på hi sida av Jølstra og opp til Moskog. Om alt dette vert gjennomført, vil reisande knapt nok få sjå tidlegare Førde kommune. Einaste gongen dei kjem ut av fjellet er nokre hundre meter ved Bruland og nokre hundre meter ved Moskog. Elles berre nitrist tunnellkøyring.

Desse planane må vere skivebom for reiselivet og meir enn tvilsamt for handelsnæringa. Ein må få lov å sjå landskapet for å få lyst til å stogge og bruke tilboda. Truleg vil det føre til at svært mange framleis vil køyre gamlevegen (noverande veg) over Langeland.

Då kommuneplanen for ny E 39 vart lagd ut til off. høyring i 2013, hadde Kjartan Myklebust inne merknader til planen, med alternative vegplanar, som verkar langt meir tiltalande.

Her er tre kortare tunnelar på til saman 4,65 km frå Langelandsvatnet via Reset til Brulandsberget. Berekna kostnad ligg på under halvparten av Vegvesenet sitt alternativ.

Rett nok har også Vegvesenet rekna på fleire alternativ via Reset og Holten, men alle med lange tunnelar og tilsvarande høge kostnader.

Lågare kostnader må vere ein stor fordel både for å kome raskare inn på statsbudsjettet og for å ha pengar til andre deler av E 39.

Alternativet til Myklebust kan gje raskare effekt ved at det kan takast i bruk etappevis. Denne løysinga byr også på fordelar med tilkomst på Reset med mykje tungtrafikk, og det gjev kortare veg til skisenteret på Langeland.

Men det er vel ingen grunn til å tru at nokon fortalde om denne løysinga til samferdsleminister Hareide når han var i Førde nyleg for å verte orientert om E39?

Les også

Sjå! Ein statsråd som vil bygge Hafstadfjelltunnelen

Les også

Lova nesten pengar til Hafstadfjell-tunnel

Les også

Yrkessjåfør om krysset på E39: – Galskap å legge eit kryss i 80-sona

Kommentarer til denne saken