Gå til sidens hovedinnhold

Kven har betydd ekstra mykje for deg i år?

Sjølv dei minste handlingar kan vere dei største. Kjenner du nokon som fortener å bli løfta fram? Dei vil vi gjerne skrive om.

– Ei kvardagshandling som er meint godt kan vere like edelt som å redde eit liv i mine auge, seier journalist Ivar Bruvik Sætre (28).

Kven har betydd mykje for deg i år? Vi er på jakt etter historiene om dei menneskelege relasjonane.

Det kan vere kva som helst og vere kven som helst.

Om foreldra dine som hjelpte deg då du kjøpte din første bustad, naboen som mata katten då du var på ferie eller ungane som gjorde noko ekstra fint.

Eller ei historie om kjærasten, postmannen eller butikkdama.

– Det finst mange fine historier rundt omkring, og dei ønsker vi å formidle til Firda-lesarane. Ikkje tenk at di historie ikkje er viktig nok, seier journalist Øystein Silde Frønsdal (24).

– Om det så er ein person som kjem med kaffi til deg kvar morgon, er det gull. Det er slike handlingar som definerer folk. Viss ein skal vere tru i det store, må ein vere tru i det små. Det er det mykje sanning i, legg Bruvik Sætre til.

Kanskje nokon redda deg frå lange og kjedelege dagar på heimekontoret?

– Menneske som har mykje godheit, som ofrar seg for andre eller som gjer fine ting utan å ville ha noko igjen, dei er det mange av, men dei kjem nok ikkje til å tipse om seg sjølv, seier Bruvik Sætre.

Kontakt oss:

  • Øystein: 951 91 164 eller oystein.fronsdal@firda.no
  • Cecilie: 908 27 219 eller cecilie.rysjedal@firda.no
  • Ivar: 482 23 951 eller ivar.setre@firda.no

Du kan også tipse oss i Facebook-innboksen eller på redaksjon@firda.no.

Kommentarer til denne saken