Kven eig vinden?

FAST: Det viktige no er at både vi som bur her i området, og politikarane i Sunnfjord kommune og Vestland fylke står fast og ikkje let seg freiste av knappar og glansbilete, skriv Per Kjelstad i dette innlegget. Bildet er frå vindmølleparken på Smøla.

FAST: Det viktige no er at både vi som bur her i området, og politikarane i Sunnfjord kommune og Vestland fylke står fast og ikkje let seg freiste av knappar og glansbilete, skriv Per Kjelstad i dette innlegget. Bildet er frå vindmølleparken på Smøla. Foto:

Av
DEL

Meiningar

Dei utrøyttelege representantane for Fred. Olsen Renewables strevar no med å finne ein stad å setje opp ein vindmålar i fjella mellom Viksdalen og Høyanger. Det er så ein ikkje trur sine eigne augo når eg les om problema med å setje opp ein enkel vindmålar.

Her har dei skrytt av kor stor oppslutning dei har frå grunneigarar, her har dei etter eige utsegn skrive kontraktar, delt ut hurtigsvarpremiar, og planlagt eit industriområde med 70–80 vindturbinar mellom 200 og 300 meter høge. Så syner det seg at det er vanskeleg å finne plass til ein vindmålar. Ikkje berre er det vanskeleg å finne ein plass, men så er det å finne ut kven som eig der.

Kva er kontraktane og ev. utbetalingar verdt når ein ikkje kjenner kven som eig der, og til slutt har rett på erstatning? Dette syner betre enn lange utgreiingar kor ubrukeleg heile systemet for vindkraftutbygging er. Her går ein alle bakvegar, skapar splid og frykt i bygdene, prøver å trumfe seg fram forbi vanlege lover og reglar for saker av liknande omfang. Så førespeglar ein utvalde grunneigarar fantasibeløp, og til slutt syner det seg kanskje at rettar og eigedomsgrenser er heilt annleis enn det einskilde trudde. Kanskje vert vindturbinane plasserte på den naboen som var sterkt mot alt saman? Kanskje går erstatninga til ein som ikkje fekk hurtigsvarpremie?

Men ein ting er klårt. Dette skal ikkje bygdefolket, verken dei som er for eller dei som er mot, ha ansvaret for. Dette er storting og regjering, og, ikkje minst, NVE sitt ansvar. Når ein slepp laus dei kreftene som berre ser profitt framfor augo, og legg opp til at vanlege lover og reguleringar ikkje gjeld for ei heil bransje, så får ein det resultatet ein kan vente. No vert det snakka i gåter om at «sakene skal forankrast endå betre lokalt», «lokalsamfunna skal få tilbakeført meir av verdiskapinga», og liknande.

Parallelt med dette vert lokalsamfunna truga med overkøyring om dei ikkje lystrar. Vindkraftmotstandarar vert kalla klimafornektarar, ytre høgre-sympatisørar, og det som verre er. Godt betalte tenarar i vindkraftselskapa har teke på seg martyrglorie og kjenner seg ille medfarne fordi folk ikkje heilt trur på at det berre er idealisme som driv dei. Eg trur hykleriet er avslørt, men det dukkar nok opp att, akkurat som reklamefilmen som var laga for å skremme både born og vaksne.

Det viktige no er at både vi som bur her i området, og politikarane i Sunnfjord kommune og Vestland fylke står fast og ikkje let seg freiste av knappar og glansbilde. Kanskje kan denne stormen om kven som eig vinden føre til at vi får augo våre betre opp for dei verdiane som vi har i naturen? Aldri så gale at det ikkje er godt for noko.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags