Politikarar og administrasjon i Sunnfjord kommune hadde den 15. februar møte i Gjesthalla på Vassenden. Dei hadde hatt møte med dei fleste regionane i kommunen om kva dei var opptekne av. Dette var prisverdig, og takk for tiltaket.

Men det som skuffa mest var at avisa Firda og for så vidt Firda Tidend ikkje fann det bryet verdt å dekke desse møta. At Firda Tidend hadde vanskar med å møta, kan ein forstå, men at det er viktigare å dekka ei utforkøyring av ein lastebil eller skrive om kven som flytter inn i kommunen av pensjonistar eller andre, trur eg har liten interesse.

Kva som rører seg rundt om i kommunen måtte då ha meir å seia for planane framover. Og det var gode tips å hente av dei mange forslag som kom fram.

Ein må gå ut frå at sidan det var Vassenden son hadde flest frammøtte, var det her det var mest å gripa fatt i. Kanskje burde ein starta der.

Det einaste ein fekk referat frå , var folkemøtet i Førde, og der var det ikkje så mange frammøtte, etter som ein forstod.

Det kunne vore kjekt å vite kva som var planane framover i dei andre delane av storkommunen.

Men nei, opplysningar om dette var nok ikkje i Firda si interesse. Forstå det den som kan.

For Vassenden sitt område må det verta ei heilskapsløysing. Denne snevre bit for bit-politikken fører berre til skippertak som ikkje heng saman som eit heilskapleg sentrum. Dyre bustadtomter og rasfare bør nok òg få ei snarleg merksemd. Skulen likeins.

Der trongen er størst, bør ein kanskje byrje.

Men takk til kommunen for eit godt tiltak. Dette er distriktspolitikk på sitt beste. Og Firda: Skriv om ting som opptek vanlege folk.