Arrangerer du noko? Veit du om noko som skjer i kommunen din? Fortel om det gjennom Firda sin kalender.
Kalenderen er eit gratis tilbod til lesarane våre, der det er mogleg å fortelje kort om eit arrangement som finn stad i ein av dei kommunane som Firda dekkjer.
Det som blir lagt inn blir med i oversikta i denne saka, og i papiravisa.
Du finn skjemaet som må fyllast ut lengre ned i denne saka. Alle bidrag må leggjast inn via dette skjemaet. Vi tek ikkje inn arrangement som blir sende på e-post eller kjem via telefon. Les framgangsmåten under før du tek i bruk skjemaet.
Det skjer
I dei to tabellane under finn du eit utdrag av det lesarane våre har lagt inn i kalenderen for den neste veka. Tabellane kan ha fleire sider.
Du kan søkje i begge tabellane om du er på jakt etter eit spesielt arrangement.
Kalenderen viser 14 dagar fram i tid.
Her legg du inn arrangement
Bruk dette skjemaet for å leggje inn arrangement i kalenderen.
Nb! Når du har trykt «send» kjem det opp eit vindauge øvst i artikkelen, som du må klikke på. Dette er eit verktøy for å hindre spam.
Slik bruker du skjemaet
Skriv inn e-postadressa di. Då får du ei kvittering på innsendt arrangement.
Skriv inn namn på arrangementet. Eksempelvis: Konsert med The Band, Møte i Klubben, Årsmøte i Lokalforeninga eller Tur til gapahuken. (Ingen vekedagar eller klokkeslett her)
Det er ikkje mogleg å leggje inn fristar for påmeldingar. Det må vere eitt konkret arrangement, på ein konkret dato. Går arrangementet over fleire dagar, med ulike program for kvar av dagane, må du dele det opp i fleire dagar.
Det er ikkje tillete å opplyse om prisar på arrangement.
Skrive nokre ord om arrangementet under "Kort om arrangementet", ta gjerne med ein nettadresse om de har.
Vel så ein kategori på arrangementet, etter forslaga som ligg der.
Skriv inn kvar arrangementet er. Døme: Førde kyrkje, Trivselshuset på Sandane eller Dingemoen barne- og ungdomsskule. Du treng ikkje skrive postnummer og poststad.
Vel kommune der arrangementet er.
Set dato og klokkeslett for når det startar.
Trykk send.
Sida blir då blank og du må gå til toppen for å sjå kvitteringa di. Den blir også sendt på e-post.
Har du lagt inn ei oppføring, men vil endre ho? Bruk lenkja du fekk i e-posten som stadfesta kalenderoppføringa di. Er arrangementet avlyst, så endre navet på arrangementet slik: Avlyst: "Konsert med The Band".
Merk at du skal leggje inn arrangementet på den datoen det faktisk skjer.
Vi ønskjer å vise både store og små arrangement av alle slag, så lenge dei er opne og interessante for fleire.
Firda står fritt til å redigere det som blir sendt inn. Avisa kan dele kalenderinformasjon vidare med partnarane sine, til dømes reiseliv og offentlege etatar.
Frå hausten av kjem også Det skjer i papiravisa.
Slik endrar du arrangement
Vart noko feil, eller du treng å endre opplysningane? Du fekk ein e-post då du la inn arrangementet der du fekk ei lenkje for å kunne oppdatere arrangementet.
Skal du avlyse arrangementet skriv: "Avlyst: Namn på arrangementet".
Vi trykkjer normalt ikkje i papirutgåva at eit arrangement er avlyst.