Det har kome nytt forslag om vindindustri i fjellområda på grensa mellom Sunnfjord og Høyanger kommune, i Snøheia-området. Kommunestyra vil verte orienterte i midten av februar.

Spørsmålet om vindkraft i desse fjellområda har vore handsama før. Sunnfjord kommunestyre handsama framlegg til nasjonal ramme for vindkraft på slutten av 2019. Og Vestland fylkesting handsama ei fråsegn om vindindustri i juni 2020. I framlegget til nasjonal ramme var dei nemnde fjellområda peika ut som aktuelle for vindindustri.

Det vert spennande å sjå kva kommunestyra seier til dei nye planane. Og kva fylkestinget uttalte i juni 2020. I november 2019 sa eit fleirtal i Sunnfjord kommunestyre dette:

Sunnfjord kommune vil ikkje ha utbygging av vindkraft i urørd natur eller på kostnad av viktige verdiar knytt til natur, landskap, friluftsliv, kulturminne/kulturmiljø og reiseliv, og som er i strid med kommunestyrevedtak.

Frå vedtak i Sunnfjord kommunestyre 27.11.2019 med 26 av 45 røyster.

Og eit samrøystes Vestland fylkesting sa i juni 2020 dette:

Vestland fylkesting vil ikkje ha utbygging av vindkraft i urørd natur eller på kostnad av viktige verdiar knytt til natur, landskap, kulturminne/kulturmiljø og reiseliv, og dom er i strid med kommunestyrevedtak. Vindkraft til havs skal utviklast i samråd med havbruk- og fiskeriinteressene.

Frå fråsegn vedteke i Vestland fylkesting 10.06.2020

Les også

Er Vereide framleis like glad?

Les også

Langsiktig krafttilgang til industrien er vårt mål

Les også

Høgre og vindkraft på land