I den siste tida har flytting av Førde ungdomsskule til Hafstad vore ei omdiskutert sak. Nyleg har plasstillitsvalt på Førde ungdomsskule Rune Morten Sande uttalt seg kritisk om det han meiner er ei feil vurdering. Kommunalsjef for skule, Åge Stafsnes, tek til orde for at ei slik flytting bør finne stad – ikkje med tanke på at skulen «skal utvikle eit inkluderande fellesskap som fremjar helse, trivsel og læring for alle» (Udir) – men på grunnlag av økonomi. Høyringa har vore open for innspel både frå politikarar og andre samfunnsdebattantar, men kunne det kanskje ha vore ein tanke å høyre med oss elevane kva vi tykkjer om saka?

Plasseringa til ungdomsskulen der den ligg i dag er ideell, med kort avstand til fleire kultur- og fritidstilbod. Det er trygg veg ned til kroppsøving i Førdehuset, og vi slepp å krysse ein trafikkert veg. Fleire elevar har undervisning på kulturskulen rett etter skuletid. Då er det ypparleg med den korte avstanden. Løa som ligg ved parkeringsplassen til ungdomsskulen er òg eit ungdomshus som fleire elevar nyttar seg av om ettermiddagen.

Førde ungdomsskule er oversiktleg for elevar og lærarar. Alle klasseromma er fordelt på éin etasje. 8. og 9. trinn har klasserom rundt aulaen, medan 10. trinn har si eiga fløy. Aulaen blir ein naturleg møteplass for oss elevar. Her treffest vi på tvers av trinna i friminuttane, og skapar gode relasjonar. Hafstad vgs. har eit mykje større areal.

Avstanden mellom ulike klasserom er større, og det kjem då til å bli brukt meir tid på forflytting mellom timane. Det blir også mindre oversiktleg, og fleire krikar og krokar elevar kan gøyme seg vekk i. Eg trur også at flytting til Hafstad vil gjere til at avstandane blir så store at elevane heller held seg på klasseromma i friminutta enn å gå til fellesareal. Dette meiner eg vil føre til mindre sosialisering på tvers av trinn og klassar, og at trivselen ikkje blir like god.

Ved ei eventuell flytting er det mykje som må bli gjort for å tilpasse Hafstad til ein ungdomsskule. Vi treng skulekjøkken og rom til kunst og handverk. Uteområdet må også bli gjort noko med. I elevrådet vart det tatt opp ønske om ballbinge, basketballbane og slengdisser. Forslaget om å ta i bruk Hafstadparken og klatreparken i friminutt er urealistisk med tanke på at ein ville brukt heile friminuttet på å gå desse avstandane. Men, dei største problema med uteområdet har eg endå ikkje kome til, nemleg E39 på eine sida og Jølstra på andre sida av skulen. Dette er vanskeleg å endre på, men er slik eg ser det ei av dei store utfordringane. Det er utrygt for elevane, som kjem rett frå barneskulen.

Fleire elevar kvir seg til overgangen frå barneskulen til ungdomsskulen. Det å flytte ungdomsskulen til Hafstad trur eg ikkje vil gjere at folk kvir seg mindre. Overgangen frå ein liten og trygg barneskule til eit stort og uoversiktleg skulebygg, som Hafstad er, vil kanskje gjere endå fleire elevar usikre.

Majoriteten av elevane vil at Førde ungdomskule skal vere der den er no. Dersom politikarane faktisk meiner at dei vil fremje helse, trivsel og læring for alle, så kunne dei kanskje ha starta med å spørje oss?