Gå til sidens hovedinnhold

Kva dei tilsette ved Førde bibliotek tenkjer på

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Det er veldig trist at biblioteksektoren blir bedt om å kutte kraftig i driftsbudsjettet sitt. For biblioteket er nemleg 440 000 mykje pengar. Det er faktisk så mykje at ein ikkje klarer å nå innsparingskravet ved å kutte litt her og litt der. Færre bøker eller aviser eller færre arrangement utgjer ikkje 6,6 % av bibliotekbudsjettet. Då må det kuttast i opningstid og bemanning, og ein må sjå på kor det vil gjere minst skade. Det har administrasjonen gjort. For tredje gong peikar dei på at strukturendringar må til og då er det dessverre dei minste avdelingane, Viksdalen og Skei, som er mest utsett.

Men vil politikarane lytte til faglege råd denne gongen? Eller vil dei gå for andre løysingar? Vi fryktar det siste. I prosessen har det nemleg vore mange kreative forslag på bordet. Til dømes å la Naustdal bibliotek berre vere bemanna på dagtid nokre dagar i veka. Det betyr at om du bur i Naustdal og jobbar på dagtid, så vil du aldri få møte ein bibliotekar ved Naustdal bibliotek.

Eit anna forslag er å bruke store ressursar på å gjere Sande bibliotek om til nytt konseptbibliotek som skal innehalde både servicetorg, skulebibliotek og folkebibliotek. På knappe 170 kvadratmeter. Eit bibliotek som for få år sidan vart pussa opp og gjort om til meirope. Eit bibliotek som skulle få auka stillingsressurs og som hadde klare visjonar for korleis ein skulle halde fram den fine trenden med auka besøks- og utlånstal. Men som no kanskje må bruke ressursane på å omstille seg.

Ein ser føre seg mange ulike løysingar ved avdelingane, men den store elefanten i rommet er det merkeleg stille kring. Hovudbiblioteket. Førde bibliotek. Som i tillegg til å drifte biblioteksamarbeidet har sine eigne utfordringar.

På vegner av dei tilsette ved Førde bibliotek vil vi difor understreke kor viktig tilbodet ved Førde bibliotek er for veldig mange, særleg for eldre, born og unge. Også for dei som bur på Skei og Viksdalen. Vi vil og understreke kor viktig der er med opningstider og personell som kan hjelpe og rettleie desse store brukargruppene våre.

Nokon vil kanskje tenkje at det er dårleg smak å framheve Førde bibliotek, når andre står i fare for å bli lagt ned. Men som tillitsvalde er det viktig å få fram kva slags situasjon dei tilsette no står i. Særleg når det til sist er dei som må ta den store delen av arbeidet med omstruktureringa av bibliotek i kommunen. Det er berre 5,43 årsverk ved Førde bibliotek. Dei skal drible 17 vakter i løpet av ei veke, i tillegg til å drifte biblioteksamarbeid, nettside og drive prosjekt- og utviklingsarbeid. Det seier seg sjølv at dette vil bli tøft.

Det er eit skrikande behov for å investere og modernisere hovudbiblioteket. Den store bruken har sett sitt preg. Lokala slit med å tilpasse seg den rivande utviklinga som har vore i biblioteksektoren dei siste åra. Dei tilsette skal jobbe etter ei biblioteklov som har endra seg stort sidan Førdehuset vart bygd.

Om du har vore ein dag ved Førde bibliotek, ville du blant anna sett korleis dei:

-strevar med ustabilt utstyr for sjølvbetening (mellom anna ein innleveringsautomat som ikkje gjer jobben sin)

-slit med å finne plass til alle som vil studere eller arbeide i biblioteket

-så vidt klarer å vekke liv i gamle publikums-pc-ar eller må gå på jakt for å finne stader der folk kan få straum til mobilen sin

-må omorganisere heile lokalet når det skal vere arrangement

– prøver å vere kreative i lokalet med bruk av gamle møblar og private gjenstandar

-må skjule skitten og utsliten innreiing

Men og korleis biblioteket:

-blir til ein yrande SFO etter skuletid med lekselesing, avslapping, spel og moro

-tar imot grupper frå barne- og ungdomsskular, barnehagar, norsksenter og vidaregåande.

-legg til rette for at barnefamiliane skal trivst når dei kjem til biblioteket på ettermiddagen og i helgene

-gir hjelp til innbyggjarane våre med så mykje meir enn lån av bøker, til dømes hjelp til å orientere seg i digitale tilbod, bruke nettbank og offentlege tenester, skrive ut og kopiere.

-gjer kvardagen enklare og meir økonomisk for mange ved å tilby gratis lån av skiutstyr, pensumlitteratur, språkkurs og dyre barnebøker som barna elles pløyer gjennom på få minutt.

-bidrar til folkeopplysning og debatt, ved å formidle kvalitetssikra kunnskap og informasjon. Korleis biblioteket er ei motvekt til falske nyheiter og polarisering.

-fungerer som ein dagleg møteplass for mange, som elles ville vore meir isolerte. Noko som i dag er viktigare enn nokon gong.

Vår bøn er at politikarane vil høyre på dei faglege råda som kjem frå bibliotekhald og at dei i neste omgang vel å investere i bibliotek – og ikkje kutte endå meir.

Les også

Sindre (29) lærte seg å sjonglere eld for ei flaske vin

Les også

Føreslo kutt i politikarløn på 500.000 kroner

Les også

Ein leksjon i slett utkantstrategi

Les også

Kva no, Viksdalen – bygda mi?

Kommentarer til denne saken