Bonden har over 200 lam, men ingen andre er som dette

Sauebonde Arild Vonen har over 200 lam, men dette er definitivt det einaste som brukar dissa.

Artikkelen er over 3 år gammel

NAUSTDAL: Dette har du neppe sett eit lam gjere før. Sjå videoen.

DEL

– Vanleg? Ha, ha, nei det er første gong eg har eit lam som dissar. Det er no heilt sikkert, seier Arild Vonen som er sauebonde i Frammarsvika i Naustdal.

Søndag var barnebarna på besøk og i videoen kan du sjå Amalie som dissar med lammet ho kallar Sofia (2,5 veker).

Vonen har 105 sauer og har fått rundt 200 lam i vår. Det eine lammet er noko for seg sjølv.

– Det var berre 1,4 kilo då det vart fødd, så det har aldri hatt kontakt med mora. Det var så lite at føtene gjekk gjennom ristene i fjøsen, så vi tok det rett ut og under varmelampe, seier bonden.

Til samanlikning er dei andre lamma i snitt 5 kilo når dei er fødde, og det største i år var 9 kilo.

– Ja, det blir sjølvsagt meir knytt til folk. Det er jo i fjøsen, men det har ikkje nærkontakt med dei andre sauene. Det går fritt, men no har det fått halsband, så eg kan bitte det fast når eg er i fjøsen, så eg ikkje trakkar på det, seier Vonen.

Sjå også denne hopptussa av ei geit: Berre eit geitekje, men hoppar allereie bukk over sauene

LITE: Lammet var berre 1,4 kg då det var fødd. No er det 2,5 veker og nyt livet i Frammarsvika.

LITE: Lammet var berre 1,4 kg då det var fødd. No er det 2,5 veker og nyt livet i Frammarsvika. Foto:

For det har vore travelt, men no er det berre ein sau att som skal lamme, så no er det ut på beite som er neste stopp. Og lamma er nokre leikne krabatar, kan Vonen bekrefte.

– Dei kan stå i ro, og plutseleg hoppar og dansar dei bortover.

Dei vaksne sauene tar derimot livet meir med ro.

– Det er omtrent som med tenåringar. Når dei er 14 dagar så er det litt uro.

Meir dyremoro: Katten Miso (5) gjer yoga saman med Mariann

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken